Barnevakt-trening del 2

Det var nok ikkje berre Internettet som fascinerte barnet…

Barnevakt-trening

Tante S. passa barnet medan eg var i utdrikningslag på laurdag. Fredagen var ho innom for litt tørrtrening. Ho fann fort ut at barnet lett lar seg underhalde av datamaskina.

Trening på den enkle og effektive måten

I avisa i dag er det reklame for treningsapparat. Reklamen lovar mellom anna at ein med eit bestemt apparat kan “erstatte 1 time studiotrening med 15 minutters hjemmetrening - uten anstrengelse og svette.” Fascinerande, spør du meg. Spesielt fascinerande er det at det i reklamen står: “Tren som Madonna og mange andre kjente idrettsutøvere.” Når blei Madonna idrettsutøvar?

Ung TV-slave ser på gamalt TV-program

Multipose 2

Eg klarte ikkje leve med å ha sydd multiposen heilt feil, så eg tok faktisk opp alt eg hadde sydd og sydde på nytt. Og så sende eg posen til A. i bursdagsgåve (og han skal bruke den til å samle mobiltelefonar i gymtimane) og sydde ein ny pose til barnet.

TT: Ringane var veldig enkle å få på, forresten.

Mareritt om den mystiske elggjengen

Dottera vår har fått ein CD frå banken. Den inneheld ein sang og to eventyr om Kongleriket. Sangen er svært populær hos barnet, og funkar mot til dømes skriking i bilen. På grunn av den positive effekten av CDen har eg høyrd den ganske mange gongar, og no kan eg nesten eventyret om den mystiske elggjengen som inntek Kongleriket utanåt. Det er ein skummel gjeng, dei går med caps og seggebukser og har ein ghettoblaser. Men eg hadde ikkje trudd at dei skulle gjere SÅ sterkt inntrykk at eg skulle ha mareritt om dei. Men det hadde eg, altså. Skremmande propaganda frå banken, med andre ord…

Søte sundagsjenter i sofaen

Kreativ kvinne?

Etter å ha fått barn tar sjølv eit lite handarbeidsprosjekt fleirfaldige veker. Mitt siste prosjekt starta for nokre veker sidan då TT og eg var på hobbyshopping “10 min frå Bergen sentrum” (som viste seg å vere eit stykke lenger vekke…). Målet for prosjektet var å lage ein såkalla multipose som eg kan ha ting og tang i. I går fekk eg endeleg tatt fram symaskina, men noko sying vart det ikkje før i dag. Og då eg var nesten ferdig skjønte eg at eg hadde gjort ein STOR feil, som eg ikkje orka å rette opp (for då måtte eg ta opp alt eg hadde sydd…).

Litt dårleg bilete i litt dårleg lys, men det går kanskje an å sjå at det er ein multipose - og kva eg gjorde feil…

Kanelbullens dag

4. oktober er det kanelbullens dag (lær meir om den spesielle dagen på svenske wikipedia). Det måtte sjølvsagt markerast. Eg baka bollar og gilde folk kom på besøk.

Oi! Sommaren er over.

Jammen har det ikkje snødd på Ulriken i natt. Og det ganske langt nedover fjellsida, til og med. Ute er det 4 grader og striregn. Flaks for meg at eg må skrive oppgåve, slik at mannen må trille tur med barnet.

« Previous entries ·