Kva skal barnet heite?

Det ser dårleg ut for å få barn på samefolkets dag. Det var synd, for vi hadde funne nokre namn som kunne vere aktuelle for ein med fødselsdag denne dagen. Min favoritt var Aslak Aslak. Eit ikkje-samisk alternativ er Gael Mathias; ein kombinasjon av min favorittskodespelar og det meste brukte guttenamnet i fjor. Andre namneforslag blir mottekne med takk.

Liten varmekatt

Her er resultatet av noko av det symaskina har vore brukt til dei siste dagane.

Det er altså ein liten varmekatt, sydd av fleeceteppet vårt (noko H. ikkje vart så veldig begeistra for…). Den blå posen er fylt med nesten heile kveitekorn og kan varmast i steikeomn eller mikro. Så puttar ein den inn i katten og, vips, så har ein ein liten varmekatt til bruk på kjølege dagar.

Følg med: Blir det barn på samefolkets dag??

Bleier

Ikkje noko nytt på baby-fronten i dag heller, så dagen har stort sett vore som dei føregåande. Eg har gått ein tur til butikken i sterk kuling og snøføyke. Å gå til butikken tar veldig mykje lenger tid no enn det brukar å gjere, og i tillegg blir eg heilt utsliten av det. Det er nesten på grensa til ekstremsport. Eg har også vore ein tur i byen, men då tok eg bussen. Som medlem i kooperativen kunne eg hente ut ein pakke med gratis bleier i dag:

Vi har tenkt å prøve tøybleier, men det kan jo vere greitt å ha papirbleier i reserve. Slik ser det ut på badet vårt for tida:


Tusen takk til tante Anne for dei fine ullbuksene!

Ny dag, nye moglegheiter

Etter den intense strikkinga den siste tida har eg pådratt meg senebetennelse i armane. Eg har vel eigentleg hatt det ganske lenge, men eg har ikkje ville innrømme det… I dag har eg difor vore på jakt etter andre prosjekt å fylle tida med. Hedda og svigermor har inspirert meg til å ta fram symaskina, så får vi sjå kva resultatet blir.

Adventskalendargevinst

Vi vann altså eit gåvekort på 1000 kr i adventskalendaren til den lokale innebandyklubben. Gåvekortet var hos ein butikk som for det meste sel snøskuterar, og H. truga som kjend med at han ville ha seg skuterjakke. I dag var dagen for å hente ut premien. Skuterjakkene kosta pinadeg over 4000 kr, så det var (heldgivis) uaktuelt. I staden enda vi opp med eit par skihanskar, eit sett ultrafleece undertøy (trøye og stillongs) til H., ein fleecehals, to “Toasti toes” (sånne greier som ein puttar i skoa for å halde varmen) og ein vasstett pose til toalettpapir på tur. Veldig mykje bra, med andre ord! Eg hadde lyst at H. skulle ta på seg utstyret slik at vi kunne poste eit bilete, men han nektar å posere i stillongs.

Talefeil

Den siste lydboka eg har høyrd er Skriften på veggen av Gunnar Staalesen. Ho vart lesen av ein renommert skodespelar frå Bergen (tipp kven!), som heile to gonger fortel at Varg Veum må vise fram legimitasjonen sin. Det synest eg er ganske festleg.

Dagens bilete viser nok eit supert plagg eg har fått av søstra mi:

Og, nei, vi har ikkje blitt foreldre enno.

Permisjon - ei oppsummering

Så vart det ikkje januarbarn på oss. Då må vi setje oss nye mål, og no håpar eg at ungen kjem før morsdagen 10. februar. Eg har nemleg lyst på blomar og kake. Det kan jo hende eg får det uansett, men det hadde vore kjekt å kunne feire morsdag i 2008. H. håpar at det blir fødsel på Samefolkets dag. Uansett er det maks 14 dagar att til vi er foreldre. Spanande. No har eg hatt permisjon i tre veker, og det er på tide med ei lita oppsummering av det eg har gjort. Det har vorte ein del lydbok og strikking, sjå berre her:

Lydbøker eg har høyrd:
- Snømannen av Jo Nesbø (altfor skummel for meg, eg tenkjer framleis på den om natta…)
- Berlinerpoplene av Anne B. Ragde
- Eremittkrepsene av Anne B. Ragde
- Ligge i grønne enger av Anne B. Ragde (Til Å: Eg har faktisk “lese” alle tre bøkene. Er ikkje det utruleg?!)
- Saman er ein mindre aleine av Anna Gavalda
- Bare mjuke pakker under treet av Levi Henriksen (Eg høyrde ikkje alle forteljingane.)
- Skriften på veggen av Gunnar Staalesen

I tillegg har eg lese En ettermiddag om høsten av Mirjam Kristensen (Takk til Ane for ei fin julegåve!).

Strikkeprosjekt:
- bukse til babyen
- tjukkelubbar til H.
- tjukkelubbar str 2 - 4 år (?)
- frosk til A+A (hekla)
- babyteppe til Ø
- sett med lue, vottar og skjerf til babyen (Brukar babyar skjerf??)
- tøflar til babyen til A+T

· Next entries »