Permisjon dag 8 - sola kjem tilbake!

Helga er overstått og ei ny permisjonsveke har starta. På fredag kom sofaen vår, innpakka i plast og bølgepapp og umontert. Møbelmennene ville ikkje hjelpe meg å pakke den ut, så eg måtte halde ut i kaoset heilt til H. kom frå jobb kl 2230. Men no er sofaen på plass og vi er veldig nøgde med resultatet. (Dersom H. lærer meg å leggje ut bilete på bloggen kan dåke kanskje få sjå korleis det har blitt.) Sofaen har vore mykje i bruk i helga, og i går hadde vi innviingsfest med solbollar og kakao og 4 gjestar. Planen for dagen i dag er å strikke, høyre lydbok, gå til butikken og poste eit brev før eg skal ete middag med H. i byen. Stramt program, med andre ord.

Sofalaust sofaslit

No har O. henta den gamle sofaen vår, og eg er brått sofalaus. Permisjon utan sofa er definitivt ikkje like bra som permisjon med sofa. Eg skulle akkurat til å sove litt middag på sofaen då O. ringde på, så no veit eg ikkje heilt kva eg skal gjere. Håpar den nye sofaen kjem tidleg i morgon…

Permisjon dag 6 - ein travel dag

Dagen starta med at H. og eg bar ut halvparten av den gamle sofaen vår. Etterpå køyrde eg han til jobb (eg har blitt noko meir slepphend med å hente og bringe han, i og med at han har lova at han skal ta lappen), før eg handla på Rema. Det er jammen stritt å vere husmor! Litt seinare på dagen vart det nok ein tur til byen, denne gongen for å snakke med jordmora. Hodet til ungen har ikkje festa seg enno, men elles ser alt bra ut. Så har eg lånt to nye lydbøker på biblioteket og kjøpt ein mini-saccosekk. No må eg slappe av og ete middag før eg skal utføre vaktmeistarpliktene mine i huset til A + T.

Permisjon dag 5

Eg lovte i går at eg skulle fortelje om nye og spanande ting i dag, og eg held løftet mitt. I dag har eg nemleg vore på bassengtrening for gravide og andre med vondt i kroppen. Veldig kjekt. Og så har eg drukke kaffi for første gong sidan mai. Rett nok var det iskaffi, men likevel… Eg kjenner meg på rett veg til å kome tilbake til min normale tilstand. Og så har eg gledeleg nytt til alle som har følgd ivrig med i sofathrilleren - no er sofaen vår komen til byen! På fredag skal han kome hit til oss, slik at vi kan nyte helga i ny sofa.

Permisjon dag 4

H. meiner at eg godt kan skrive om det eg har gjort i dag også, så då gjer eg det. I dag har eg:

- ete frukost og lese avisa (eg er ganske flink til å stå sånn passeleg tidleg opp!)
- laga ferdig fotoalbum frå Finnmark, del I. I morgon skal eg kjøpe nytt fotoalbum slik at eg kan gjere ferdig resten.
- surfa litt på nettet
- strikka litt
- gått til butikken og kjøpt frosenfisk
- ete skulebolle
- laga fargerik fiskegryte
- tenkt på bryllaupssommaren som ligg framfor oss

Ikkje dei heilt store tinga på programmet i dag, altså. Men berre vent - i morgon skjer det nye og spanande ting!

Permisjon dag 3

Eg reknar med at eg ikkje kan halde fram med å fortelje om kvar permisjonsdag, men no i starten er det no litt artig å kunne gjere det… Slik har dagen min vore til no:

- frukost og avis med H. som har seinvakt
- ferdiggjering av eit par vottar str 1 mnd
- fotoalbumslaging (frå sommaren -05 og fram til i dag)
- tur til byen med H. (kjøpte kvitlaukspresse og dyr papirkuttar)

Resten av dagen skal brukast til å gjere ferdig fotoalbum, ete blåbærpai frå i går og besøke Sol i lag med Sil. Det ligg altså an til å bli nok ein super permisjonsdag.

Permisjon

Det er lenge sidan eg har oppdatert bloggen min. Kvifor? Det er det ingen som veit. Men i dag startar svangerskapspermisjonen min, og eg skal ikkje på jobb att før i 2009. Kanskje får eg då betre tid til å blogge?! Så langt har det vore supert å ha permisjon. Dagen har gått med til følgjande aktivitetar: høyre på lydbok (eigentleg er den alt for skummel for meg…), strikke, lese avisa, ete frukost, etterlyse den nye sofaen vår. Snart må eg byrje med dei kjedelege husmortinga: vaske opp, vaske badet og bake blåbærpai til styremøte i kveld.

· Next entries »