Blond?
May 12th, 2007 at 14:31 (Pop og rock med blokk)
Eg seier som Hedda: Eg veit ikkje om dette eignar seg for verdsveven, men her kjem det likevel. I november vann eg ein MP3-spelar i ein quiz-konkurranse på kinoen. Eg har nesten ikkje brukt han, og vart difor overraska då eg tok han fram og fann ut han ikkje virka. Eg bytta batteri, men ingenting skjedde. Det var ingen veg utanom; eg måtte til butikken og klage. Den unge ekspeditøren lytta til kva eg hadde å seie, tok ut batteriet, snudde det og sette det inn att - riktig veg - og MP3-spelaren funka igjen.