Søppel-post - no også på fax
April 20th, 2007 at 15:51 (Penalhuset)
Spam-mail er nok eit kjend fenomen for dei fleste. Men er det andre som også opplever å få spam på fax? På fax-maskina på jobb pip det stadig vekk inn uønska faxar. Reklame for kurset: “Slik håndterer du vanskelige personer” er ein gjengangar, det same er annonse for GPS. Skritteljar, påskeegg og mikrofonstativ har vi også fått tilbod om - til svært gunstige prisar naturlegvis. Sjølv om eg på ingen måte er tilhengar av uønska reklame, må eg seie at denne fax-spamen (spam-faxen) fascinerar meg. Så lenge det ikkje kjem 100 om dagen…