Vårstemning

Årets første joggetur på bar asfalt. Veldig digg å sleppe broddene! Vind i håret, regn i andletet, heftig musikk på øyret og ein mann som ventar heime med nybakt brød. Kan det bli betre?

Bursdag

Eg er svært nøgd med dagen så langt, og her kjem ei kort oppsummering av hendingar og gåver.
I går: Kakefest med 10 gjestar og Gruble. I dag: Bytur, kaffi på Hurtigruta, barnekor-opptreden på det nye kjøpesenteret, sol, mange tekstmeldingar og telefonar. Gåver (i tilfeldig rekkefølge): blomar, flax-lodd (til og med eit flax-lodd frå mobiloperatøren min), kule klede, smykke, mange kjekke filmar, pengar, fleecegensar, CDar. Heilt topp dag så langt, med andre ord! I kveld blir det tre rettars middag og konsert med William Hut.

Reklame

På ferja fann eg eit ganske tjukt reklamehefte for éin ny bilmodell. Bilen ser veldig fancy ut, men eg stiller meg litt skeptisk til ord og uttrykk i reklamen:

- Bilinteriør kan være både spennende og avslappende på en gang.
- Selv på dårlige veier oser bilen av respekt.
- Bilen er både atletisk og energisk.

Det raraste er likevel det som står på baksida av heftet, og eg tar gjerne i mot tolkingar frå meir oppgåande lesarar enn meg sjølv:

“SHIFT_ er et engelsk ord som best beskriver verdiene og tankegangen til denne japanske bilfabrikanten. Uansett hvor i verden du møter oss, vil du oppleve at SHIFT_ beskriver hvem vi er, hvordan vi jobber og hva vi prøver å oppnå. For alt vi tar i ønsker vi SHIFT_. Og gjennom SHIFT_ skal vi gjøre ting bedre og absolutt N…-unikt.”

Forstå det den som kan.

Vinterferien - ei oppsummering

Den eine dagen med vinterferie er over, og kva fekk eg gjort?
- laga tyttebærchutney (ikkje i den opprinnelege planen)
- vaska kjøkenskåpet
- bytta ut to - tre av låtane i middelsprogrammet
- klatra (ikkje i den opprinnelege planen)
- svømt (ikkje i den opprinnelege planen)
- laga milkshake i ny blendar

Eg må med andre ord ta helga til hjelp for å:
- vaske inni komfyren
- bytte ut ein - to av låtane i middelsprogrammet
- lese bok
- gå på ski (fristar ikkje så mykje i tett snøver og stiv kuling, så kanskje eg utset det…)