October 31st, 2006 at 19:35 (Penalhuset)
Det knirkar i snøen utanfor stoveglaset, og ein augneblink etterpå ringer det på døra. Eg opnar, og ser små monster, hekser og spøkelse. “Knask eller knep,” seier dei. Eg svarar at huset er tomt for godteri. Monstra, heksene og spøkelsa svarar “æsj” eller “å nei,” og så går dei sin veg.
Halloween har kome til Rypefjord.
1 Comments
October 26th, 2006 at 17:52 (Penalhuset)
Det går visst ei stund mellom kvar gong eg oppdaterar bloggen, så her kjem ei liste over kva som har skjedd i livet mitt i det siste:
- spanskkurs i Alta (tre dagar på hotell)
- 187 medlemer i F&S (ny noregsrekord)
- besøk frå Oslo (ein artig tannlege)
- haustferie i Gøteborg (shopping, søster, jympa, stas)
Konklusjon: Det er fine og travle dagar.
2 Comments