Sommaren er på hell

Min første lærarferie er snart over, og det er litt vemodig. Eg har hatt ein super sommar og kan nemne desse høgdepunkta:

- spele på hest i Antwerpen
- Sørlandet med stor s
- spele minigolf for første gong
- Togga og Fuglesteg i Sogn
- kino med G og E.K
- IS!
- møte med innpåsliten geit på Viefjellet i lag med Ø
- bading i regnet på Askøy
- bryllaupet til L og R
- Buzz med familien (eg vann!)
- milkshake på Pikant med A, H og H
- sosialt samver med familie og venner
- bading frå båt i Masfjorden
- 15. plass i Jentespranget i H.fest

Men frå i morgon av blir det andre bollar. Då byrjar alvoret, med F&S-diplomering, spanskkollokvie, fagplanar og årsplanlegging…