Advent

I går var det første sundag i advent og Hammerfest barnegospel deltok på lysmesse (gudsteneste - ikkje konsert!) i kyrkja. Ungane mine, som eg brukar å kalle dei, hadde fått nye barnegospel-T-skjorter med sjølvlysande skrift. Vi skulle gå inn i prosesjon med små elektriske lys frå Europris i hendene, og det gjekk ganske bra. Synginga var det verre med. Til trass for at eg har vore på dirigentkurs i Oslo, klarte eg ikkje å slå dei inn, dvs å få dei til synge frå starten av. I staden for at dei sang “Tenn et lyyyyys” vart det berre “…lyyyyys…” Jaja. Dette skal eg øve meir på, så når vi skal synge på julekonsert 11. desember, satsar eg på at det skal gå betre.

I dag har vi tent adventslys på skulen og øvd på Romeo og Julie. Kristian har funne ut at det berre er 21 dagar til juleavslutninga…

Harry Potter og ildberget

I dag har eg vore på date. Først var vi på Peppes og delte pizza og brus. Etterpå var vi på kino og såg det eg trudde skulle vere “Harry Potter og ildberget.” Eit stykke uti filmen skjønte eg at eg i lange tider har levd på ei løgn. Eg hadde sett for meg at det skulle handle om ein vulkan eller ei anna form for eit ildberg, men så viser det seg altså at det er eit ildbeger det er snakk om. Og det er noko heilt anna, berre så det er sagt. Han som eg var på date med har eg forresten vore i lag med i ti år, utan at det var noko mindre romantisk av den grunn.

Sundagstur i Fjordadalen

Om ikkje lenge blir det visstnok mørkt heile døgnet her, så difor måtte vi nytte høvet i dag til å gå ein sundagstur i Fjordadalen. Ca 50% av oss var samde om at det var ein fin tur.

Om å halde kviledagen heilag

Som lærar er det jammen ikkje lett å halde kviledagen heilag. I dag har eg brukt ganske mange timar på å få ferdig individuelle planar i norsk, matte og engelsk. Eg har også brukt litt tid på å leite etter julesongar til juleavslutninga, men det var vel meir eit påskot for å ta ein pause frå planlegginga enn ei prekær arbeidsoppgåve. Uansett trur eg at eg har bestemt meg for å føreslå at vi skal syngje “Tre kongar frå Bolivia,” gjerne akkompagnert av panfløytespeling. Eg kan ikkje seie anna enn at eg gler meg til jul.

Gourmetklubb

Mannen min har stifta ein gourmetklubb her i Hammerfest, i lag med nokre andre karar. Ingen jenter har tilgang til klubben, men i dag gjorde dei eit unntak. Anette og eg vart invitert på kylling, hare, norzolaost (blæh) og sjokolademoltemousse, og vi fekk ete dette i lag med mennene våre. Ein veldig fin kveld, til trass for at eg kom 45 min for seint til nattope i butikkane.

PS: Mørketidsfestivalen er i gang!

Dramatikk

Det nærmar seg juleavslutning, og på skulen min skal vi ikkje ha englar som dalar i skjul eller barn i ei krubbe, heller ingen okse eller asen som står nokon plass. Vi skal derimot setje opp Romeo og Julie. I morgon skal vi ha første øving, noko som inneber at eg skal vere på skulen i over 12 timar. Får håpe vi klarar å bruke dagen godt…

Barnekorkurs

I helga var eg i hovudstaden ein snartur. Hammerfest menighet sponsa reisa, og eg fekk vere med på barnekorkurs. No har eg lærd ulike taktfigurar (2/2, 3/4, 4/4) og kan m.a. dirigere “To er nok” når elevane mine spelar blokkfløyte. Eg har også lærd mange morosame songar som eg underheld Håvard med, samt nokre artige oppvarmingsøvingar. Av dei andre deltakarane på kurset kan eg nemne June Music frå Bergen, ei gruvearbeidarske frå Polargospel i Longyearbyen og oslojenta Benedicte som var gift med ein kokk som no jobba som konditor.

I løpet av helga rakk eg også å gå innom H&M og Body Shop. Puh.

Kinoens dag

Hammerfest kino sparar ikkje på kruttet når det er Kinoens dag. Kl 0930 starta dei dagen med gratis frukost, og etter kvart fylte dei på med store mengder gratis bollar, brus, kake (den såg ikkje så god ut…), kaffi og snop. Det var ikkje sånne små smaksprøvar, nei, det var King size Japp og porøs mjølkesjokolade og karamellar og Fishermans Friend (!). Det var også ein bar, der teenagers miksa alkoholfrie paraplydrinkar (appelsinjuice og tropisk nektar eller berre Fanta) og delte ut chips. I det heile tatt var det eit storslått arrangement.

Har Bergen noko å stille opp med mot dette? Neppe.

Heia Hammerfest!

Ibsens ripsbusker…

Det er jammen ikkje så enkelt å skulle planlegge spanande undervisningsopplegg i tide og utide. Eg har no kome ein situasjon som truleg er uunngåeleg for alle lærarar, men det er ein situasjon eg må svelgje nokre kamelar for å vere i: i morgon må eg vise elevane ein video som eg ikkje har sett på førehand. Sjølvsagt “må” eg ikkje vise dei denne filmen, men eg har ingen andre gode planar for undervisninga… Filmen heiter “Udødelige Ibsen” og er ein dokumentar om dramatikaren, så eg kan vel ikkje påføre elevane dei heilt store skadane.

Elles kan eg i dag melde om kaotiske tilstandar på Daltun skole (det er nesten sånn at Hilde Hummelvoll skulle vore der og ordna opp…). Vi hadde besøk av helsesøstra som skulle vaksinere nokre av elevane. Det endte med flukt, tårer og basketak i korridoren - og at alle fekk kvar sin refleksbamse.