Dåp

På oppfordring frå nokon eg kjenner legg eg ut bilete frå barnedåpen på sundag. Det var ein fin dag på alle måtar. Dåpskjolen har mamma og alle søskna hennar blitt døypte i, og den er truleg 100 år gamal. Veldig fin var den i alle fall.


På kyrkjetrappa


Stolte foreldre og besteforeldre

Og så kjem eit bilete av bebisen i den nye bereselen vi har kjøpt:

Nye tider

Vi er tilbake på Vestlandet, og bebisen har fått seg ny barnevogn (takk til tante Å. som tok den med heilt frå Sverige, via Myrdal og Flåm!) med skivebrems og greier. Men det beste av alt er at det går an å jogge med den, og det har eg testa i dag. Planen var å jogge langs ei turløype, men av ymse grunnar enda eg opp med å jogge gjennom heile sentrum før eg til slutt kom til turløypa. Konklusjon: Det ser ut til at det går an å få trent samstundes som eg har ansvar for bebisen. Perfekt.

Styrkeprøve

Ja, no har vi prøvd korleis det er å vere småbarnsfamilie med spysykja. Det heile starta på måndag, attpåtil med K.S. på besøk frå Tromsø. Eg har ikkje hatt omgangssykja sidan OL på Lillehammer, og eg synest det var litt uflaks (og trist) at eg skulle få det akkurat når K.S. var på besøk. Men ho takla det greitt, og fungerte svært godt som barnevakt. I går var det H. sin tur å bli sjuk, og eg tør nesten påstå at det er verre å ha ein sjuk mann enn å vere sjuk sjølv. Meir vil eg ikkje seie om den saka, men konklusjonen må vere at vi byrjar å meistre kvardagen som småbarnsfamilie når vi taklar ein omgang med spysykja.

Ein ekte finnmarking…

… køyrer bil (evt. skuter eller ATV dersom føret tillet det) til butikken, uansett kor langt eller kort det er. Eg er ein ekte finnmarking, for i dag tok eg bilen dei 500 metrane til Statoil for å kjøpe syltetøy til vaflane. Men - når eg tenkjer meg om - ekte finnmarkingar lar bilen stå på tomgang utanfor butikken, uansett kor lenge eller kort ein skal vere i butikken. Så då er eg visst ikkje ein ekte finnmarking likevel, for eg tok med meg bilnøkkelen inn på Statoil-stasjonen. Men eg kan jo få late som eg har fått finnmarks-kulturen inn i blodet, i alle fall den siste månaden vi skal bu her…

“Vår”

Det går rykter om at det andre stader i landet er sol og nesten sommar, ja, solbrillefint. Her nord kan vi melde om snø/ sludd, kuling frå nordvest, temperaturar rundt 0 grader og vegar/ fortau dekka av 5-10 cm slaps. Men vi kosar oss likevel. Følgjande aktivitetar kan nemnast på koselista:

- babysvømming (dersom ein ser vekk frå dei minutta med skriking etter at bebisen fekk vatn i fjeset)
- besøk (tanter og onklar og besteforeldre og venner kjem på rekke og rad)
- trening (truleg mest kos for mor og minst for far som må vere åleine heime med ein skrikande bebis)

Oss menneske imellom

I samband med å ha gitt liv til ein ny verdsborgar har vi fått mykje brev og pakkar i posten (tusen takk!). Posten har dei seinare åra blitt sløvare med å stemple frimerka, noko som gjer at dei kan brukast på nytt. Spesielt kjekt er det med klistremerkefrimerka, for dei er som regel lette å få av. Dei tradisjonelle sleike-på-frimerka er det verre med, men heldigvis fekk eg besøk av ein gamal frimerkesamlar (les: far min) som kunne hjelpe meg å bløyte frimerka. Resultatet ser de på biletet. Frimerke for i alt 119,50 kr er klare til å bli brukt på nytt. Dette gjer godt i eit Watne-hjarte.

PS: Lurer på om gjenbruk av frimerke gjeld som bidrag i klimadugnaden.

PPS: Frimerkebløytinga i går gjorde til at det dukka opp minne frå barndommen, då far min og bror min samla på frimerker. Eg fekk samle på dei små konvoluttrestane som vart att etter bløytinga.

Mat for mødre

Det er ikkje alltid så lett å få laga seg middag når mannen er på jobb og ein har ansvar for ein liten bebis som berre vil hengje på armen. Eg må difor finne mat som kan lagast og etast med éi hand (i går prøvde eg tortillas, men det hamnar definitivt ikkje i den kategorien). Så langt har eg hatt suksess med følgjande rettar:

- tomatsuppe frå Toro
- speilegg
- kokt egg
- diverse restemat som berre treng å varmast opp (eg innser at det hadde vore gildt å hatt ein mikrobølgeomn)

Eg tar svært gjerne imot tips til andre rettar, for no er det tomt for egg…

Ein perfekt baby!

Bebisen vår har vore på 6-vekerskontroll hos legen i dag, og konklusjonen hans var at vi hadde fått ein perfekt baby. Det visste vi jo frå før, men det er alltid kjekt når ein lege seier det. Denne legen kunne attpåtil seiast å vere nokså objektiv i uttalingane sine, i motsetnad til andre legar bebisen vår har vore i kontakt med.

Eg publiserar like godt eit bilete av det perfekte barnet:

Norge Rundt

Det er fredag, og tradisjonen tru ser vi på Norge Rundt (evt i mangel på andre kanalar/ anna selskap). Eg har lagt bebisen på ei turnmatte framfor TV-en, og det ser ut som om ho er svært begeistra for det tradisjonsrike programmet. Ein skal tidleg krøkast…

Innetid

Eigentleg skulle eg på ein lengre trilletur med to andre mødre i dag, men med snødrev og stiv kuling melde eg pass. I staden har det vorte ein deilig fredag i uformelle klede, både for mor og barn. Bebisen har hatt ein svært roleg dag så langt. Etter frukost vart ho lagt i vogna, og der har ho sove sidan, kun avbrutt av litt lunsj. No lurer eg på om det er vits i å kle henne for dagen, eller om ho skal få gå med ullundertøyet sitt til det blir kveld…

« Previous entries ·