Archive for the 'Tant og fjas' Category
laurdag, mars 1st, 2008
Nokon som kjenner att denne buksa?
I dag fekk Aili smokk. Det var ikkje ein dag for tidlig. No er det mogleg å føre ein samtale i stova når ho er vaken. Vi lærer altså stadig nye ting, og livet er ikkje så verst. Fint vêr har vi òg. Berre litt mykje vind.
Posted in Tant og fjas, Fotografert, Samfunn | 1 Comment »
fredag, februar 22nd, 2008
I dag våga vi oss ut på glatta, for å teste vogna, og for å sjå korleis Aili likte å trille ut i blesten. I tillegg fekk vi send av garde old-school-greiene til A. Vi kledde på jenta både ullbukse og hue, men gløymde vottar.. Vi lærer kvar dag.
Nokon som gjenkjenner denne gensaren?
Med broddar […]
Posted in Tant og fjas, Fotografert, Bli steinrik i ein fei!!, Samfunn | 9 Comments »
måndag, februar 11th, 2008
Nytt år og ny katalog. Lego er ein genial idé, men delen av marknadskaka vert stendig mindre. Årets katalog er ikkje akkurat superambisiøs, meir eit kvileskjær. Kor tid skal vi få noko skikkelig kult? Nuvel, alt er no ikkje berre sorgen. Hugs no også på at dette vert meld av ein avdanka nostalgisk legobyggjar på […]
Posted in Tant og fjas, Observert og klypt, Samfunn | No Comments »
laurdag, februar 9th, 2008
Medan me her nord ventar på nedkome, reiser broder Frode verda rundt med Ungdomskulen og lærer folket rock. 29. februar kjem endeleg stjerneskota til nordlysbyen, og då vonar eg å ta ein tur. Etter for eiga lomme å ha reist Amerika og Europa rundt for knappar og glansbilete, tek dei ein kvil under vengene til […]
Posted in Tant og fjas, Fotografert, Musikk | No Comments »
sundag, januar 13th, 2008
Eg vil gratulere bror min Frode så mykje med dagen! Han er for tida på vegen eller i lufta mellom konsertstader verda rundt med bandet Ungdomskulen. I går var dei i Galway i Irland, på tysdag er dei i Winston-Salem i North Carolina. Vidare går det til Chapel Hill, Greenville, Washington, New York, Allston, Providence, […]
Posted in Tant og fjas, Musikk | 1 Comment »
laurdag, januar 12th, 2008
Jepp jepp, no er eg 29! Det har vore ein strålande dag, og eg takkar for helsingar frå vener, slekt og den norske regjering. Gåvebordet spenner over alt frå diktbøker til potetgull, og utover dagen vert det nok både kaffi og kaker. Eg kjenner at eg snart er ein vaksen mann, men trass i at […]
Posted in Tant og fjas, Fotografert, Bli steinrik i ein fei!!, Samfunn | 1 Comment »
onsdag, januar 9th, 2008
I dag såg eg ein lapp på oppslagstavla på Domus der det var ein bil til sals. Det er mykje ymse som vert slått opp på denne tavla. Sal av barnevogner, sofaer og vaskemaskiner. Bønemøter, basar og omreisande chip-tuning-service. Den mest spesielle lappen som hang der no var denne. Det var eit bilete av bilen […]
Posted in Tant og fjas, Observert og klypt | No Comments »
måndag, desember 24th, 2007
So har julefreden senka seg over Rypefjord. Lang frukost etterfølgd av Tre nøtter til Askepott. Andelåra er meld og kjem på kaien på fredag, så no kan eg bli kvitt andefeittet som har teke plass i frysaren. Det er på tide med ein ny run med andeconfit. Treet er pynta og det ligg faktisk bra […]
Posted in Tant og fjas, Observert og klypt, Samfunn | No Comments »
måndag, desember 17th, 2007
Året begynte med fine snøtilhøve og vi fekk ein del turar i skitrekket på Prærien og på Skaidi. Det var også litt ruskever og eit par dagar eg kom nokre timar for seint til arbeid på grunn av snøstorm. I mars vart det ein tur til Oslo med konsert og restaurantbesøk. Nokre sesongar Sopranos har […]
Posted in Tant og fjas, Fotografert, Bøker, In vino veritas, Film, Samfunn | 2 Comments »
onsdag, desember 12th, 2007
I dag tok eg meg i å sjå kva type barnevogn ei jente som trilla forbi meg hadde.
Posted in Tant og fjas, Samfunn | 1 Comment »