Archive for the 'Tant og fjas' Category

Attende mellom sju fjell

tysdag, juni 3rd, 2008

Ja då var vi tilbake i Bergen. Veret er upåklagelig, men noko varmt. Eg har observert fleire som har kunstig vatning av plen og blomar, og det er ikkje ofte dei treng i Bergen. Framleis står det meste på hovudet i leiligheita, men vi har no fått måla veggar og tak, og er godt nøgde […]

Grunnlovsdagen i bilete og tekst

laurdag, mai 17th, 2008

Ja, siste 17. mai her nord vart kald og våt, men vi held oss klokeleg innandørs det meste av dagen. Andre var ute og gjekk i tog i snøføyka. Ikkje har eg ete is heller. Men vi har så heldige å bli invitert til brunsj hjå Fredrik og Marte på Molla. Vi var så vidt […]

Raskt skifte/Glatt føre

måndag, mai 12th, 2008

Hadde besøk av H og A i helga, og sjølv om det var høgtid, var det på høg tid å legge om til sommardekk på bilen. Så A og eg fekk jobben gjort i ein fei, medan snøen lava ned. La også merke til at mønsterdjupna på bakdekka var farlig grunn. Vi må nok belage […]

Tralala vår

fredag, mai 2nd, 2008

Endelig! No har det vore ei heil veke med sol og fineveir, snøen smeltar og våren er kanskje rett rundt svingen. (ein veit aldri her nord..). Om 15 dagar er det midnattsol og det er berre å leggje klar Mosel- og Chablisflaskene i kjøleskåpet. Eg kjem nok til å ta fram sumarjakka i laupet av […]

Plectrophenax nivalis

laurdag, april 19th, 2008

Lokal fugl knipsa på litt for lang avstand. Fin i allefall.

Busted!

sundag, mars 16th, 2008

Hei! Driv du å tar bilete av meg når eg søv?!

Volleyball

måndag, mars 3rd, 2008

Det går ikkje akkurat unna med korkje fotball eller bilkøyring. Men eg har fått spela ein del volleyball dei siste måndagane. Så også i dag. To timar og førti minutt med intensive mottak, opplegg og angrep. Og eit par vellukka blokker. Ai ai ai. No er eg heilt gåen. Kjekt å kome heim att til […]

Tips og triks

laurdag, mars 1st, 2008

Nokon som kjenner att denne buksa?
I dag fekk Aili smokk. Det var ikkje ein dag for tidlig. No er det mogleg å føre ein samtale i stova når ho er vaken. Vi lærer altså stadig nye ting, og livet er ikkje så verst. Fint vêr har vi òg. Berre litt mykje vind.

Til Bunnpris i frisk bris

fredag, februar 22nd, 2008

I dag våga vi oss ut på glatta, for å teste vogna, og for å sjå korleis Aili likte å trille ut i blesten. I tillegg fekk vi send av garde old-school-greiene til A. Vi kledde på jenta både ullbukse og hue, men gløymde vottar.. Vi lærer kvar dag.

Nokon som gjenkjenner denne gensaren?

Med broddar […]

Legokatalogen 2008

måndag, februar 11th, 2008

Nytt år og ny katalog. Lego er ein genial idé, men delen av marknadskaka vert stendig mindre. Årets katalog er ikkje akkurat superambisiøs, meir eit kvileskjær. Kor tid skal vi få noko skikkelig kult? Nuvel, alt er no ikkje berre sorgen. Hugs no også på at dette vert meld av ein avdanka nostalgisk legobyggjar på […]