Archive for the 'Observert og klypt' Category

Vidare, alltid vidare

torsdag, juni 29th, 2006

Kom ganske tilfeldig inn på sida www.lensbabies.com. Ganske moro med plast til både film og pixlar. A, K, E og andre fotofreaks: dette er vel ikkje så dumt? Og 2.0 til og med!

17. mai-tog

onsdag, mai 17th, 2006

Las i svenske Allt om Hobby at NMJ kjem med modell av BM 64, som i etterkrigstida gjekk på Flåmsbana og no nedlagte Haradangerbana. Flott. Modellen er i skala Ho eller 1:87 og vert levert i originalversjon og modernisert utgåve. Prisen er finfine 8995 kroner.

La humla suse

sundag, mai 14th, 2006

I morgon skal eg på biblioteket å låne Humlehonning av Torgny Lindgren. I fjor var eg så heldig å få boka Hakkepølsa som er kjempefin. Takk til I. Tenkte eg måtte prøve noko meir av denne forfattaren. Medan eg skriv dette høyrer eg på eit opptak av radioprogrammet Herreavdelingen, der dei snakkar om humler. Hm.. […]

POP

fredag, april 7th, 2006

.. og slik går no dagane omset eit omkved som har sett seg i hovudet mitt til ditt favorittspråk, norsk.
langt borte
men ein rikstelefon
og to e-brev frå deg
gjev meg ei hangande von
har aldri kjent slik før
har aldri kjent slik før
har aldri kjent slik før
har aldri kjent slik før
har aldri kjent slik før
har aldri kjent slik før
har […]

Legokatalogen 2006

tysdag, januar 31st, 2006

Årets katalog er lik fjorårets i formgjeving. I tilleg til produkt er det nokre sider med info om www.lego.com og Legoland som no finst mange land. Det som er heilt nytt i år er ein serie som heiter EXO-FORCE, og er inspirert av japansk Manga-teikneserie. Det er menneska mot nokre vonde robotar på eit fjell. […]

Zzzzz!

måndag, desember 19th, 2005

At folk søv er vel ingen nyhende, men når det skjer på heilt andre stader enn i senga, ja då er Finnmark Dagblad på pletten med nokre notisar. I dagens avis er det ikkje mindre enn sju notisar etter kvarandre med stoff om sovandre folk i Alta og Hammerfest. Eg skal berre ta med overskriftene, […]

2005 - eit julebrev

laurdag, desember 10th, 2005

Fylke for fall

fredag, desember 2nd, 2005

Eg les i Dag og Tid frå laurdag 26. november. Der seier professor Tor Selstad fylkene snart er ein saga blott og at det er regionar som vert det neste hotte forvaltingsorganet. Det er med andre ord på tide å vise ein siste kjærleik til fylket i ditt hjarte, dersom du då ikkje er ein […]

Kjøpefri dag

fredag, november 25th, 2005

Har du tenkt å markere verdas kjøpefrie dag? Les meir på Framtiden i våre hender sine sider og finn ut at dette kan også du markere i år.

Nordnytt

måndag, oktober 31st, 2005

For dei av dykk som ikkje les Finnmark Dagblad skal eg vere så grei at eg tek med ei notis frå dagens avis. Som de veit er det mykje moro å lese i måndagsavisene. Mange har drukke meir enn dei klarte å halde på og nokre har i tilleg gjort ulovlege ting fordi onkel alkohol […]