Archive for the 'Observert og klypt' Category

Middelbrow/highbrow

fredag, april 13th, 2007

Musikk til helgestart: The Shins/Morrissey (1)
Sjokolade: Kina i skåpet/Domori Porcelana i kjaken.. ah! (2)
Vin til kvelden: Gattinara 2001, Italia/Bourgogne Pinot Fin 2004, Frankrike (3)
Helgelesestoff: Dag og Tid/Samtiden nr1, 2007 (4)
Noter:
1. Plata Wincing the night away er The Shins si nyaste, og finfin å låne øyra til. Morrissey høyrde eg på Øya-festivalen i fjor sumar og […]

Men filmen var ikkje daud/Ny Lomo

måndag, mars 12th, 2007

Lomo Compakt Automat var ein russisk kopi av japanske Cosina CX-1 som kom på åttitalet ein gong. Takka vere ein gjeng studentar i Wien, som starta Lomographic Society, fekk Lomo LC-A utover på nittitalet ein kultstatus. Dei seinare åra har det vorte noko kommerst og det er gått inflasjon i nye plastkamera utan den same […]

Heim te mor

fredag, desember 22nd, 2006

Det er alltid kjekt å kome heim til mine gamle foreldre. Men som vanlig går det ikkje mange timane før dei prøver å prakke på meg noko gamalt skrot som dei har funne på eit kott eller nedst i ei skuff. Denne gongen var det noko flugebindingsremedier som berre var å kaste og nokre bilete […]

Bulldetektor

torsdag, november 2nd, 2006

I dag såg eg den artige, morbide og franske filmen “Delicatessen” frå 1991 av Marc Caro og Jean-Pierre Jeunet. Jeunet står også bak filmar som “Amelie” og “En langvarig forlovelse” og det er ein del filter og verkemiddel som er sams for alle filmane. Noko festlig eg la merke til var ein dings som skurken […]

Dagens ord

tysdag, oktober 24th, 2006

I dag høyrde eg eit ord som eg ikkje kan seie å ha høyrd på lengje. Ordet i dag er altså; maroder. (som fort kan bli morgondagens ord også, om det vert for mykje kamikaze..)
Eg saksar frå Språkspalten, NRK:
“Maroder” betyr syk, utmattet, avkreftet, arbeidsufør o.l. Det brukes ikke mye i dag, og det har vært […]

Ute med saksa

laurdag, oktober 7th, 2006

Klypte håret mitt på torsdag, sjølv altså. (Det visste du ikkje I.) Nuvel, eg brukte maskin og det stikk vel ut litt tustar her og der, men er i grunn nøgd med resultatet.
Dagens låt: Almost cut my hair - CSNY

Ny lenkje

laurdag, september 23rd, 2006

Sjekk ut Norsk Bane, dette kan vere måten å reise på i framtida, i allefall sørpå. Mange gode argument og sida er også på nynorsk!

Der var sommaren over..

måndag, august 14th, 2006

Så var eg attende i Rypefjord. Elleve grader og overskya.
Men sumaren sørpå var fin. Mykje bading i Førde. Litt rart å vere i Førde. Eg har ikkje budd der sidan 1997, og seinare har eg ikkje vore så mykje attende, berre i jula og ein kort tur om sumaren. Førde er ganske unik i […]

Vidare, alltid vidare

torsdag, juni 29th, 2006

Kom ganske tilfeldig inn på sida www.lensbabies.com. Ganske moro med plast til både film og pixlar. A, K, E og andre fotofreaks: dette er vel ikkje så dumt? Og 2.0 til og med!

17. mai-tog

onsdag, mai 17th, 2006

Las i svenske Allt om Hobby at NMJ kjem med modell av BM 64, som i etterkrigstida gjekk på Flåmsbana og no nedlagte Haradangerbana. Flott. Modellen er i skala Ho eller 1:87 og vert levert i originalversjon og modernisert utgåve. Prisen er finfine 8995 kroner.