Archive for the 'Samfunn' Category

Over bekken etter vatn

tysdag, november 11th, 2008

Vi arva nokre peng etter Guro, og vi tenkte kanskje at vi skulle kjøpe noko kunst. På ein tur heime i Sunnfjord undersøkte vi om det var noko å få kjøpt av den ikkje heilt ukjende Oddvar Torsheim, original, lokal helt og 70-årsjubilant. Det var ikkje så lett, men han skulle ha ei utstilling i […]

A for alternativ

måndag, november 3rd, 2008

I dag var eg ute og trilla med Aili. Fotoapparatet var med, men det flate lyset innbaud ikkje til storstillt knipsing. Ved Kvarteret fekk eg eit slags motiv i søkaren og trykte av. Ei dame kom forbi og lurte på kva eg tok bilete av.

Ved sida av denne tomme tavla var det ein einslig teikna […]

To trøytte fuglar. Og sjølvutløsar

onsdag, oktober 29th, 2008

Klokka er fem over åtte. Nokon er vakne. Far kunne tenkje seg å sove litt til. Far står noko motvillig opp. Nokon slappar av på golvet med ein kosebamse. Far fyrer i peisen. Far strevar litt. Far har blitt lurt. Far har kjøpt fuktig ved. Det tek ikkje fyr med ein gong. Far får fyr […]

Regnfullt i skoddeheimen

måndag, oktober 27th, 2008

Eg var ein tur heimom gamlingane i Sunnfjord, som det høver seg for ein god son. Og her regna det like mykje som eg hugsar frå barndomen. Bergen har ufortent fått stempelet som byen med mykje regn, for eg må seie at regnet i Førde er våtare, kaldare og meir intenst. Eg var i sentrum […]

Trening helse trivsel

måndag, september 15th, 2008

I dag har eg jogga for fyrste gong på, tja, to tre år? Lenge i alle fall. Det var ikkje kjempegøy, men det var vel til bate for kropp og helse. Fekk meg nye joggesko for fleire veker sidan og nokon har visst meld meg på eit laup i Gøteborg til våren. Er berre å […]

Lukke over heile lina

laurdag, august 9th, 2008

Her ein dag var Endre og eg ute å gjekk i gatene, og rett som det var stogga vi for litt kaffi og ein matbete. Vi tinga kaffi, men det vart og det rakk før han kom på bordet. Etter at vi hadde etterlyst han to gonger, fekk vi til slutt kaffien vår, og som […]

Mot vest, ytterst i Sogn

onsdag, juli 30th, 2008

Alle vegar fører til Rom, vert det sagt. Jau, det kan so vere, men jammen finnst det mange alternativ når ein skal til Duesund også! Eg hadde lengje drøymd om å ta ein annan veg enn den vanlige over Kringla og ned langs fjorden. I dag vart det høve, då far min og eg reiste […]

Bryllaup 4

tysdag, juli 29th, 2008

Jau, so var vi i mål. Siste bryllaup er unnagjort i år. I varmt og godt ver i vakre og ville Nordfjord. Vi starta frå hytta i Sogndal og fekk med oss ein stopp i Bokbyen i Fjærland, kleskjøp i Innvik og Olden, før vi installerte oss på luksuriøse Hotell Alexsandra i Loen. Den nye […]

Bryllaup 3

måndag, juli 21st, 2008

På `an igjen. Denne gongen på Håholmen nord for Molde, eit steinkast ute i Atlanterhavsvegen. Ein strålande dag på ein finfin plass. Møre og Romsdal flørta vilt med oss, og vi let oss begeistre. Sjøkreps, vågekval og breiflabb vart servert og i glaset fekk vi Hugel Gentil og Chablis frå J. Moreau & Fils. Slett […]

Bryllaup 2

måndag, juli 21st, 2008

LO og O hadde eit strålande bryllaup på Jølster. Moderat til fint ver, mykje godtfolk, god mat og eit svært høgt nivå på talane. Utover kvelden vart det morosame innslag av typen audiovisuelle og vokale. Kaffien og kakene sat laust og praten gjekk ned. Utover natta vart det dans og sprell til musikk av Ungdomskulen. […]