Archive for the 'Gastronomi' Category
sundag, januar 14th, 2007
Kona er på kurs, så då sit eg heime på laurdagskvelden og kosar meg med ein søt 24-åring frå Loiredalen og ser ein romatisk film på DVD. Ho luktar av fersken men er litt syrlig i replikken, som jo er vanlig i Loiredalen. Vi har hatt litt ostekake som eg bakte i går, og den […]
Posted in Tant og fjas, Gastronomi, In vino veritas, Film | 2 Comments »
torsdag, januar 11th, 2007
Kor mange nattevakter på rad kan ein overleve på kaffi, mandariner og Fazermint? Vel, eg har klart åtte til no og skal vel klare ei til.
Posted in Tant og fjas, Gastronomi, Samfunn | 3 Comments »
måndag, januar 8th, 2007
Statoil og Hydro skal fusjonere, vert det sagt. Men det allereie oppstått ein del problemer. Det er slett ikkje så rart. Desse to kan ikkje fusjonere. Hydro (vatn) + Statoil (olje) let seg ikkje blande. Kast opp i litt eddik og krydder og du har i beste fall ein vinagrette. Men ingen fusjon. For å […]
Posted in Tant og fjas, Gastronomi, Samfunn | 3 Comments »
onsdag, desember 20th, 2006
Året starta med stormen/orkanen Narve og det vart litt action her i vestfylket. Bussane gjekk ikkje på mange dagar og Ingeborg kom seg ikkje på arbeid på ei heil veke. Vi hadde ein fin tur i bakken i Rafsbotn med Gunnhild og Bjørnar og vi vitja Ågot i Tromsø. Det har også vore fine skiturar […]
Posted in Tant og fjas, Gastronomi, Musikk, Bøker, In vino veritas, Film | 1 Comment »
måndag, november 27th, 2006
På sundag var me samla ein heil gjeng til julesnopverkstad hjå T og A i Panorama. Eg hadde førebudd eit prikkfritt arrangement men ikkje alle viste seg oppgåvene verdige.. Vi laga fire typar trøflar og ein marsipanrull og ein sak med corn flakes.
S og E i full rulle.
Ein emulsjon. Væske i feitt. Eller fløyte […]
Posted in Gastronomi | No Comments »
onsdag, oktober 4th, 2006
I dag feirar dei kanelbullens dag i vårt naboland Sverige. Dette har pågått sidan 1999 og det var Kaeth Gardestedt og Hembakningsrådet som tok initiativet. Dagen står vistnok nemd i fleire almanakkar men har førebels ikkje spreidd seg utanfor Sveriges grenser. Vi her i heimen gjer vårt beste for at denne dagen også skal få […]
Posted in Gastronomi, Samfunn | 3 Comments »
sundag, oktober 1st, 2006
Det er oktober og bloggen er no to år gamal. Vi feirar dagen her i Hammerfest med viltmiddag og vin. Reinsdyrfilet med søtpotetpuré, steikt sopp og sjysaus med rosin. Vi fleskar til med ein portugisisk vin frå Dão og Álvaro Castro til maten. Øystein har teke seg fri frå jobben og har kome frå Oslo. […]
Posted in Gastronomi, In vino veritas | No Comments »
laurdag, september 23rd, 2006
Ja, så var dagen komen og eg har gjord ferdig andeconfiten. Etter å ha skylt vekk salt og krydder og kokt ut feittet som kom frå Tromsø denne veka, stod andelåra i omnen i om lag åtte timar ved ca 90 grader.
Andelår med grovsalt og knust nellik, anis og svart pepar.
Låra har kokt i timesvis
Rottelik […]
Posted in Gastronomi | 3 Comments »
onsdag, september 20th, 2006
No er andelåra og andefeittet i hus og ligg til tining. Så på fredag startar truleg confit-makeriet. Endeleg! Vonar eg har nok glas og stor nok eldfast form..
Posted in Gastronomi | No Comments »
fredag, august 18th, 2006
Årets moltetur ™ til Sennalandet gav 333 gram. Ingeborg plukka litt blåbær også. Anette og Elisabeth var også med. Det var vått og moltene var ikkje så fine. Litt seint i sesongen kanskje. Eg fekk i det minste i meg like mykje blåbær som Håkon Lie. (Ein kopp om dagen).
Posted in Gastronomi | 1 Comment »