Archive for the 'Gastronomi' Category

Mot vest, ytterst i Sogn

onsdag, juli 30th, 2008

Alle vegar fører til Rom, vert det sagt. Jau, det kan so vere, men jammen finnst det mange alternativ når ein skal til Duesund også! Eg hadde lengje drøymd om å ta ein annan veg enn den vanlige over Kringla og ned langs fjorden. I dag vart det høve, då far min og eg reiste […]

Bryllaup 4

tysdag, juli 29th, 2008

Jau, so var vi i mål. Siste bryllaup er unnagjort i år. I varmt og godt ver i vakre og ville Nordfjord. Vi starta frå hytta i Sogndal og fekk med oss ein stopp i Bokbyen i Fjærland, kleskjøp i Innvik og Olden, før vi installerte oss på luksuriøse Hotell Alexsandra i Loen. Den nye […]

Mens vi ventar..

sundag, februar 3rd, 2008

Nokre bilete frå helga.

Her frå årets confit de canard-produksjon. I år vart det 39 lår! Så det ligg an til mange gode middagar framover.

På laurdag hadde vi ein smakebit. Servert låra med trøffelaromatisert sellerpuré og andskysaus. Slett ikkje verst.

Drakk denne i helga. God vin, men eit lite trekk for manglande vulkansk mineralitet.

Såg sola for fyrste […]

Pinnekjøt på døra

laurdag, november 10th, 2007

I går ettermiddag gjekk eg på badet for å dusje, og då eg kom ut att hadde vi fått levert lokalprodusert pinnekjøt på døra! Pinnekjøtet kjem frå Inger og Monicas Gårdsmat, som har sauer som har beita på Loppa og på Seiland. No kan jula berre komme.
Kunne dette hendt sørpå? Kor tid fekk du sist […]

Kveite, kveite!

sundag, september 2nd, 2007

Eg har fått mi fyrste kveite! Ho vart teke på stang og sluk ikkje langt frå Seiland litt nord for Bukkøya. Eg vil anslå vekta til om lag 2,5 kg. Tor O og E tok oss med i båten til DF, og det var ein fin dag på fjorden, men kaldt var det. Det vart […]

Tur-retur Norrbotten

måndag, august 20th, 2007

I helga hadde vi oss ein tur til verdas beste sosialdemokrati, Sverige. I Alta lasta vi om til bilen til B og G, og dei tok oss trygt sørover i dei finske og svenske skogar. Fyrste stopp var Munio der vi åt italiensk pizza på ein Palestinsk restaurant. Utanfor stod ein Gjøvik-registrert Hiace som vi […]

Var sommaren over?

måndag, juli 16th, 2007

Vel vel, kom tilbake til det høge nord i går kveld. Flott ver. Sola skein og 16 grader klokka ni på kvelden. Men i dag er det overskya, vind og ti grader. Varselet framover for Hammerfest er som følgjer: tysdag; ti grader og regn, onsdag; elleve grader og overskya, torsdag; sju grader og regn og […]

Nordfjord, Sunnfjord og Sogn

torsdag, juli 5th, 2007

På sundag sette vi oss i bilen på veg til vårt næraste ferieland - Nordfjord. I gledde seg nok mest til fabrikkutsalet til Skogstad, medan eg var spent på buffeten på Alexandra. Vi stoppa i Olden i solsteiken og kjøpte litt lokal saft og cider. På hotellet vart det rikeleg høve til bading både i […]

Oslotur

måndag, mars 12th, 2007

Det har vore litt sparsamt med innlegg her på sida i det siste. Vel, det får vi gjere noko med.
Eg har vore ein tur i Tigerstaden og der var det mykje godsaker. Ai ai ai ai! Det vart også hektiske møter med slekt og vener, mest på kafé, så magen vart veldig rar av […]

Ski, snø og Savigny

måndag, januar 29th, 2007

Fekk stått skikkeleg på ski denne helga. I Rafsbotn i Alta var det supre tilhøve med djup puddersnø. Med “nye” ski og “nye” skistøvlar. Lite folk var det, trass i nydelege løyper og utanfor-løyper. Prøvde meg litt med Lomo-en og Provia i snøen. Tida vil vise om det vart noko av. After ski fyrte vi […]