Archive for the 'Fotografert' Category
måndag, november 3rd, 2008
I dag var eg ute og trilla med Aili. Fotoapparatet var med, men det flate lyset innbaud ikkje til storstillt knipsing. Ved Kvarteret fekk eg eit slags motiv i søkaren og trykte av. Ei dame kom forbi og lurte på kva eg tok bilete av.
Ved sida av denne tomme tavla var det ein einslig teikna […]
Posted in Tant og fjas, Fotografert, Samfunn | 2 Comments »
onsdag, oktober 29th, 2008
Klokka er fem over åtte. Nokon er vakne. Far kunne tenkje seg å sove litt til. Far står noko motvillig opp. Nokon slappar av på golvet med ein kosebamse. Far fyrer i peisen. Far strevar litt. Far har blitt lurt. Far har kjøpt fuktig ved. Det tek ikkje fyr med ein gong. Far får fyr […]
Posted in Tant og fjas, Fotografert, Samfunn | 4 Comments »
onsdag, juli 30th, 2008
Alle vegar fører til Rom, vert det sagt. Jau, det kan so vere, men jammen finnst det mange alternativ når ein skal til Duesund også! Eg hadde lengje drøymd om å ta ein annan veg enn den vanlige over Kringla og ned langs fjorden. I dag vart det høve, då far min og eg reiste […]
Posted in Tant og fjas, Fotografert, Gastronomi, Samfunn, Fotball og bilkøyring | No Comments »
tysdag, juli 29th, 2008
Jau, so var vi i mål. Siste bryllaup er unnagjort i år. I varmt og godt ver i vakre og ville Nordfjord. Vi starta frå hytta i Sogndal og fekk med oss ein stopp i Bokbyen i Fjærland, kleskjøp i Innvik og Olden, før vi installerte oss på luksuriøse Hotell Alexsandra i Loen. Den nye […]
Posted in Tant og fjas, Fotografert, Gastronomi, In vino veritas, Samfunn | No Comments »
måndag, juli 21st, 2008
På `an igjen. Denne gongen på Håholmen nord for Molde, eit steinkast ute i Atlanterhavsvegen. Ein strålande dag på ein finfin plass. Møre og Romsdal flørta vilt med oss, og vi let oss begeistre. Sjøkreps, vågekval og breiflabb vart servert og i glaset fekk vi Hugel Gentil og Chablis frå J. Moreau & Fils. Slett […]
Posted in Tant og fjas, Fotografert, Samfunn | No Comments »
måndag, juli 21st, 2008
LO og O hadde eit strålande bryllaup på Jølster. Moderat til fint ver, mykje godtfolk, god mat og eit svært høgt nivå på talane. Utover kvelden vart det morosame innslag av typen audiovisuelle og vokale. Kaffien og kakene sat laust og praten gjekk ned. Utover natta vart det dans og sprell til musikk av Ungdomskulen. […]
Posted in Tant og fjas, Fotografert, Samfunn | No Comments »
tysdag, juli 15th, 2008
I Lillesand var det varmt og flott sumarvêr og god stemning blant bryllaupsgjestane. Oppladinga på Eiet var også upåklageleg med god barnevakt av oldeforeldre, kirsebær frå hagen og fersk makrell til middag. Vi fekk også ein kort tur ut på Tromøya, men båtturen regna vekk.
Mor, barn og markjordbær.
Dei lukkelege nygifte.
Las chicas.
Ein pust i skuggen […]
Posted in Tant og fjas, Fotografert | No Comments »
tysdag, juli 15th, 2008
22. juni var det tid for Aili å verte medlem av Kyrkja, den norske. Saman med sju andre dåpsborn og full kyrkje vart det høgt volum på song og skrik. Etterpå var det mat, kaker og samver i Langeberget.
Prest, foreldre, Aili og fadrar.
Den vesle familien ™
Aili posere i det grøne med 100 år gamal dåpskjole.
Posted in Fotografert, Samfunn | No Comments »