Archive for the 'Fotografert' Category

Nostalgia 1/Knips

sundag, juni 15th, 2008

Vi har flytta, og gamle ting dukkar opp/kjem til overflata. Trufaste lesarar av bloggen har kanskje lagt merkje til at det i nyare tid har blitt posta meir bilete. Dette har jo samband med at eg no ikkje lenger må ta vegen om skanning av emulsjonsbasterte bilete, men kan via kabel overføre dei rett frå […]

Dei siste dagar her nord

tysdag, mai 27th, 2008

Dette vert nok den siste postinga frå Rypefjord. I morgon reiser bilen, på torsdag går flyttelasset og fredag flyr vi. Leiligheita er fyllt opp med kassar og øskjer, og lausøyre flyt rundt i påvente av å kome i dei siste eggkassane. Om lag 23 banankassar er allereie fulle, og det vert ein god del fleire. […]

Grunnlovsdagen i bilete og tekst

laurdag, mai 17th, 2008

Ja, siste 17. mai her nord vart kald og våt, men vi held oss klokeleg innandørs det meste av dagen. Andre var ute og gjekk i tog i snøføyka. Ikkje har eg ete is heller. Men vi har så heldige å bli invitert til brunsj hjå Fredrik og Marte på Molla. Vi var så vidt […]

Smiley Aili

laurdag, mai 3rd, 2008

“Hurra! Det vart ja i uravrøystinga i LO for det framforhandla forslaget.”

“Men kva vil AFP-ordinga seie for meg når eg vert gamal?”

Plectrophenax nivalis

laurdag, april 19th, 2008

Lokal fugl knipsa på litt for lang avstand. Fin i allefall.

K&B = sant

tysdag, april 15th, 2008

K&B gifta seg på laurdag, og dei stråla i duskregnet i Kristiansand. Hurra! God mat, fin stemning og til dels poengterte talar.
Det var kjekt å få seg ein tur sørpå, og å treffe att litt vestlendingar og anna godtfolk. Innkvarteringa eg hadde ordna for A, K og meg, var dog i enklaste laget. Vel, vi […]

Busted!

sundag, mars 16th, 2008

Hei! Driv du å tar bilete av meg når eg søv?!

Volleyball

måndag, mars 3rd, 2008

Det går ikkje akkurat unna med korkje fotball eller bilkøyring. Men eg har fått spela ein del volleyball dei siste måndagane. Så også i dag. To timar og førti minutt med intensive mottak, opplegg og angrep. Og eit par vellukka blokker. Ai ai ai. No er eg heilt gåen. Kjekt å kome heim att til […]

Tips og triks

laurdag, mars 1st, 2008

Nokon som kjenner att denne buksa?
I dag fekk Aili smokk. Det var ikkje ein dag for tidlig. No er det mogleg å føre ein samtale i stova når ho er vaken. Vi lærer altså stadig nye ting, og livet er ikkje så verst. Fint vêr har vi òg. Berre litt mykje vind.

Mellom vakenetter og langt på dag

torsdag, februar 28th, 2008

Den nye kvardagen ™ har hardt og brutalt slått rot i heimen. Full pupp, fulle bleier og fullt sirkus. Heile natta. Aili held foreldra i full vigør, men innimellom vert det tid til å knipse nokre bilete.

Pink girl

Dagens grimase

Sinte bjørn

Lua på snei. I dag var vi på fyrste køyretur med bil og bilsete. Det gjekk […]