Archive for the 'EDB Solutions' Category

iLife

fredag, november 30th, 2007

Jaudå, ryktene er sanne, no surfar eg frå ein flunkande ny Macbook! Det er spanande og nytt, og det vert nok litt å setje seg inn i. Eg vonar at denne nye plattforma vil føre til meir/betre biletehandsaming og posting av bilete her på bloggen.
Sunny skies, good music and full speed ahead!

Bobby Digital

laurdag, oktober 27th, 2007

Ja, ryktene er sanne, eg har mot høge odds bevega meg inn i Den Nye Teknologien ™ og kjøpt meg meg digitalt spegelreflekskamera. Frå gamaldags emulsjonsbasert fotografering med manuell fokus, har eg no så mange funksjonar berre innan fokusering at eg nok må ty til instruksjonsboka ei god stund framover. Det er sjølvsagt moro […]

Med Marvin Gaye på øyret og Smiths under armen/juleønskje

torsdag, desember 7th, 2006

I det kalde nord kan det å snakke i mobiltelefon utandørs vere ei kald oppleving, spesielt for den handa som held telefonen. Ein trådlaus handsfree til feste på øyret er kanskje løysinga? Det ser noko rart ut, men om nokre år vert det vel heilt vanlig å gå rundt med ein propp i øyret og […]

Vidare, alltid vidare

torsdag, juni 29th, 2006

Kom ganske tilfeldig inn på sida www.lensbabies.com. Ganske moro med plast til både film og pixlar. A, K, E og andre fotofreaks: dette er vel ikkje så dumt? Og 2.0 til og med!

Noiseless

måndag, april 3rd, 2006

Finst det analoge klokker som ikkje tikkar?

Tilbake på telenettet

måndag, mars 27th, 2006

Ja, då har eg fått nytt SIM-kort, så berre ring meg ned!

Telekomunikasjonsproblemer

laurdag, mars 25th, 2006

Det er sjeldan nokon ringjer til meg, men no er det faktisk ikkje mogleg i det heile. Det skulle kome eit nytt SIM-kort frå min teletenesteleverandør, men det vart send til mi førre adresse. No har det kome i retur og er send ut att, så vonaleg har eg det på mandag. Skulle det […]

Ny lenkje

måndag, mars 20th, 2006

De mange tusen lesarar av denne bloggen som har sakna vinstoff i det siste kan no flytte fokuset til vinpressa.no, som er ei side eg har laga for å få utlaup for vinøst skribleri. Lenkjen vert også å finne på høgremargen til seinare bruk. Eg vil takke kompanjong og structural engineer Håvard Grimelid, som har […]

Veslejulafta

laurdag, desember 24th, 2005

Bror min og eg vart sjølvsagt sitjande oppe til langt på natt å spele Deluxe Ski Jump..
.. men vi var begge ute av trening og klarte ikkje å nå K-punkt i nokon av bakkane.

Jubileum

fredag, oktober 14th, 2005

Ja, då har denne bloggen faktisk vore oppe i eitt år! Eg vel å gratulere meg sjølv, og så får de berre leggje inn dykkar hjartelege gratulasjonar i kommentarfeltet.
No ser ting litt anleis ut enn for eitt år sidan, då eg hadde eit sosialt liv i Bergen med mykje kulturelle aktivitetar. Hammerfest er ikkje det […]