Archive for the 'Bøker' Category

Varme ting

onsdag, august 2nd, 2006

Etter godt og vel ei veke sørpå har eg no tint opp og huda mi har fått nyansar av rosa og lysebrun. Det har vore fokus på bading og avslapping. Eg fått lese nesten alt som står i nyaste nummer av Syn og Segn, Vinfurum og Carl’s Cars. Levi Henriksen si “Snø vil falle over […]

La humla suse

sundag, mai 14th, 2006

I morgon skal eg på biblioteket å låne Humlehonning av Torgny Lindgren. I fjor var eg så heldig å få boka Hakkepølsa som er kjempefin. Takk til I. Tenkte eg måtte prøve noko meir av denne forfattaren. Medan eg skriv dette høyrer eg på eit opptak av radioprogrammet Herreavdelingen, der dei snakkar om humler. Hm.. […]

The Winter strikes back

laurdag, mai 13th, 2006

Ja, så var det plutseleg vinter att her nord. Sludd og vind og kald å sykle til arbeid. Vel, det er ikkje anna å gjere enn å bite tennene saman, fyre opp litt kakao og lese ei bok. Held førebels på med gamal krim. Nero Wolfe-bok av Rex Stout.

Livres francaise

onsdag, april 19th, 2006

Det er kjekt å tinge bøker på amazon, der er det mykje spanade og somme tider rasande billig. Mitt siste kjøp var eit par bøker på fransk (sic) av Marie Antoine Carême og Jean Anthelme Brillat-Savarin. Dei kosta mindre til saman enn det vart i frakt! Skammeleg. Men så har jo forfattarane vore daude i […]

Påskeoppsummering

tysdag, april 18th, 2006

Dagar eg har jobba: sju. Skiturar: ein. Bøker eg har lese: to. Gode begge to. Chipsposar eg har ete: tre. Påskeaviser som er laga lenge før dei kjem i sal som eg har lese: to, VG og Dagbladet. Dagar med fint ver her i Hammerfest: nesten alle. Dagar eg har gått til jobb: fire. DVDar […]

Påskebøker

onsdag, april 12th, 2006

Påska er for somme tid til å lese. Eg skal arbeide dei fleste dagane, men innimellom skal eg lese i ei bok eg kjøpte på amazon; ein biografi om Marie Antoine Carême, den fyrste kjendiskokken i verda. Omslaget er frå kjøkenet i The Royal Pavilion i Brighton, ein stad eg faktisk har vore, 189 […]

Førdianar i fjernsynet

onsdag, mars 8th, 2006

I kveldens Bokprogrammet på NRK1 var det samtale med Marita Liabø om hennar nye bok Under brua som kjem ut snart. Dette er visstnok ei systemkritisk bok om å stoppe opp å tenkje over dei viktige tinga i livet. Flotte greier! Eg har ikkje lese nokon av dei førre bøkene hennar, men ho har skrive […]

Bokoppsummering

måndag, mars 6th, 2006

Veret har vore ein del dårlig i vinter og difor har det vorte ein del inneaktivitet. Mellom anna lesing. Desse bøkene har eg lese i år, og nokre av dei var så gode at andre truleg ikkje vil ta skade av å lese dei. Den uendelige historie II av Michael Ende. Tyl av Finn Tokvam […]

Ah, frihelg!

fredag, februar 24th, 2006

Pannekaker til middag og Sopranos på DVD i sofakroken. Ah! I morgon skal vi gjere unna litt gourmetgumling sidan fasten snart er over oss. Då får vi prøve å leggje av oss hedonisten for ei stund, og komme attende med nye sprell og meir god vin. Eg har også skaffa meg Gymnaslærer Pedersens beretning om […]

Spontantur til Nordens Paris

laurdag, januar 28th, 2006

Sidan kona skulle på helgetur til Tromsø å vitje Ågot med påfølgjande kurs måndag og tysdag, tenkte eg at det ville verte stusseleg å vere attende i Hammerfest, så eg slengde meg med. Reiste frå Hammerfest klokka 13 med Hurtigruta “Narvik” og kom fram til storbyen litt over midnatt. Fekk lese ut heile “Ut og […]