Archive for juli, 2008

Mot vest, ytterst i Sogn

onsdag, juli 30th, 2008

Alle vegar fører til Rom, vert det sagt. Jau, det kan so vere, men jammen finnst det mange alternativ når ein skal til Duesund også! Eg hadde lengje drøymd om å ta ein annan veg enn den vanlige over Kringla og ned langs fjorden. I dag vart det høve, då far min og eg reiste […]

Bryllaup 4

tysdag, juli 29th, 2008

Jau, so var vi i mål. Siste bryllaup er unnagjort i år. I varmt og godt ver i vakre og ville Nordfjord. Vi starta frå hytta i Sogndal og fekk med oss ein stopp i Bokbyen i Fjærland, kleskjøp i Innvik og Olden, før vi installerte oss på luksuriøse Hotell Alexsandra i Loen. Den nye […]

Bryllaup 3

måndag, juli 21st, 2008

På `an igjen. Denne gongen på Håholmen nord for Molde, eit steinkast ute i Atlanterhavsvegen. Ein strålande dag på ein finfin plass. Møre og Romsdal flørta vilt med oss, og vi let oss begeistre. Sjøkreps, vågekval og breiflabb vart servert og i glaset fekk vi Hugel Gentil og Chablis frå J. Moreau & Fils. Slett […]

Bryllaup 2

måndag, juli 21st, 2008

LO og O hadde eit strålande bryllaup på Jølster. Moderat til fint ver, mykje godtfolk, god mat og eit svært høgt nivå på talane. Utover kvelden vart det morosame innslag av typen audiovisuelle og vokale. Kaffien og kakene sat laust og praten gjekk ned. Utover natta vart det dans og sprell til musikk av Ungdomskulen. […]

Bryllaup 1

tysdag, juli 15th, 2008

I Lillesand var det varmt og flott sumarvêr og god stemning blant bryllaupsgjestane. Oppladinga på Eiet var også upåklageleg med god barnevakt av oldeforeldre, kirsebær frå hagen og fersk makrell til middag. Vi fekk også ein kort tur ut på Tromøya, men båtturen regna vekk.

Mor, barn og markjordbær.

Dei lukkelege nygifte.

Las chicas.

Ein pust i skuggen […]

Dåp

tysdag, juli 15th, 2008

22. juni var det tid for Aili å verte medlem av Kyrkja, den norske. Saman med sju andre dåpsborn og full kyrkje vart det høgt volum på song og skrik. Etterpå var det mat, kaker og samver i Langeberget.

Prest, foreldre, Aili og fadrar.

Den vesle familien ™

Aili posere i det grøne med 100 år gamal dåpskjole.

Overflodssamfunnet/Erease it

onsdag, juli 9th, 2008

Då eg var yngre, samla eg også på ting og tang. Dei hadde dog vesentlig mindre verdi enn dagens vinsamling. Det begynte med “fine” steinar, prislappar, kassalappar, klistremerkje, frimerkje og viskelær. Viskelærsamlinga kom for ein dag då eg kikka i gamalt rot. Her er noko av samlinga. Eg likte godt desse som ser ut som […]