Attende mellom sju fjell
Ja då var vi tilbake i Bergen. Veret er upåklagelig, men noko varmt. Eg har observert fleire som har kunstig vatning av plen og blomar, og det er ikkje ofte dei treng i Bergen. Framleis står det meste på hovudet i leiligheita, men vi har no fått måla veggar og tak, og er godt nøgde med resultatet. Stor takk til Frode, Siri og Øyvind. No vert det litt pendling til Voss, men det får gå. Må på biblioteket å få lånt meg ei bok til togturane. Nokon som har tips?
juni 3rd, 2008 at 18:49
Austerlitz
juni 3rd, 2008 at 19:41
Den førebels siste i serien om Mma Ramotswe i “Damenes detektivbyrå”, “feel-good-bok” frå Botswana.
Ei svært lettlest (og morosam) biletbok for vaksne me nett har fått i hende frå naboen som er i bokbransjen: “Dyr i drift” av odelsgutt Ragnar Aalbu (”en landbrukstrilogi”) - Cappelen
Elles (av det meir seriøse slaget): diktbøker av Kolbein Falkeid
juni 4th, 2008 at 11:09
Finske dagar og netter av Hovland, Helleve og Kaldestad, men du har kanskje lese den?
Eg las ein stad at Carl Frode Tiller sin favorittdupeditt var øks. Det bør vere god nok grunn til å lese ei av bøkene hans.