Dei siste dagar her nord

Dette vert nok den siste postinga frå Rypefjord. I morgon reiser bilen, på torsdag går flyttelasset og fredag flyr vi. Leiligheita er fyllt opp med kassar og øskjer, og lausøyre flyt rundt i påvente av å kome i dei siste eggkassane. Om lag 23 banankassar er allereie fulle, og det vert ein god del fleire. I bilen vert det no stappa det vi er gode for.

På laurdag var vi ein tur på Seiland og var innom laurdagskaféen på butikken i Hønseby. Randi fekk også besøk og vi fekk kaffi og heimelaga kaker.

I dag var eg i Alta og fekk prøve meg på glattkøyringsbana, og det vart cruiseing over Sennalandet i 90 og vel så det. Eg køyrde ikkje på rein, men rett før Grøtnes køyrde eg nedi eit hol i asfalten og punkterte høgre bakhjul.. Så var det fram med jekk og greier. Køyrelæraren tok det heldigvis fint, han har nok til salt i grauten og vel så det.

Ingeborg og Aili tek ferja. Quiz: Kva bok av godt likt vestlandsforfattar vert det hinta til i bileteteksten?

Hønseby i mai.

5 Responses to “Dei siste dagar her nord”

  1. andr Says:

    lykke på reisa!

  2. Ola Says:

    Eline og [eit anna jentenamn] tek ferja av Ragnar Hovland? Ei rar men fin bok.

  3. admin Says:

    Riktig Ola! Eline og Julie tar ferja, frå 1994. Ein slags krim, med underleg midtparti og fin og lun slutt. Godaste Raggen har vel i det heile tatt ein del underlege sluttar på bøkene sine.

  4. Silje-mor Says:

    Kjære venner!
    Takk for denne gang! Dere vil være savnet, og vi tar vare på gode minner! Vil følge nøye med på bloggene deres, så vær flink å oppdatere :o )

    Klem fra oss 4 i Isveien, som ønske dere 3 lykke til i vest

  5. Øyvind Says:

    Eg tenkte på Kjærleikens ferjereiser, eg: Men skjønar eg er for seint ute til å vinne prisen for første rette svar, og når det til overmål var feil…

Leave a Reply