Mellom vakenetter og langt på dag
Den nye kvardagen ™ har hardt og brutalt slått rot i heimen. Full pupp, fulle bleier og fullt sirkus. Heile natta. Aili held foreldra i full vigør, men innimellom vert det tid til å knipse nokre bilete.

Pink girl

Dagens grimase

Sinte bjørn

Lua på snei. I dag var vi på fyrste køyretur med bil og bilsete. Det gjekk bra. Ho skreik berre fram til sentrum.
februar 28th, 2008 at 22:04
Ingenting nytt under sola, med andre ord. Som far, så dotter. For 29 år sidan var eg i ein liknande situasjon. Den dåverande babyen hadde kolikk, ikkje berre nokre dagar eller veker, - men heile 4 månader! Det vart mange og lange timar rundt og rundt på eit nokså avgrensa areal med bæring av ein skrikande liten bylt med mageknip……
februar 29th, 2008 at 0:20
Fine bilete! Med litt trening utviklar du ein fin teknikk å lese pocketbøker mens du likevel går og vaklar i ring i stova..
februar 29th, 2008 at 0:37
Sinnataggen har fått ei lillesøster, ser eg. Men ho kjem vel ikkje på sokkel, heller ikkje i Fjorden.
februar 29th, 2008 at 17:01
Det ser ikkje ut som ho skjønar heilt kor ho er. Har du prøvd å forklare med kart?
mars 1st, 2008 at 5:07
For ei ven jente. Såg veldig våken og voksen ut på eit vis. Forresten: skrikarungar kan bli bra dei og (Les: eg hadde kolikk).
mars 2nd, 2008 at 21:44
Eg óg vil ha bjørnedrakt… Trur du det er mogleg å få tak i ein i min storleik? Kvifor er det berre ungar som får ha klede med øyre på?
mars 3rd, 2008 at 1:17
Du får kjøpe deg nokre lausøyre, Ågot, så kan du sy dei på alla dina byksor og strumpor.