Archive for februar, 2008

Mellom vakenetter og langt på dag

torsdag, februar 28th, 2008

Den nye kvardagen ™ har hardt og brutalt slått rot i heimen. Full pupp, fulle bleier og fullt sirkus. Heile natta. Aili held foreldra i full vigør, men innimellom vert det tid til å knipse nokre bilete.

Pink girl

Dagens grimase

Sinte bjørn

Lua på snei. I dag var vi på fyrste køyretur med bil og bilsete. Det gjekk […]

Til Bunnpris i frisk bris

fredag, februar 22nd, 2008

I dag våga vi oss ut på glatta, for å teste vogna, og for å sjå korleis Aili likte å trille ut i blesten. I tillegg fekk vi send av garde old-school-greiene til A. Vi kledde på jenta både ullbukse og hue, men gløymde vottar.. Vi lærer kvar dag.

Nokon som gjenkjenner denne gensaren?

Med broddar […]

Veslejenta

onsdag, februar 20th, 2008

Det kom eit nytt objektiv i posten. Har du sett. 70mm makro med 2.8 i lysstyrke. Ser ut til å gi ganske skarpe bilete. Har dog pusha lukkartidene litt i lengste laget. Det er ganske mørkt innandørs for tida. Til og med i Helse Nord. Her kjem eit lite utval av dei siste knipsa.

1+1=3

sundag, februar 17th, 2008

Fredag kveld vart vi ein familie! Etter ein hard fødsel kom det ei nydelig jente til verda. Vi er glade og slitne.

Legokatalogen 2008

måndag, februar 11th, 2008

Nytt år og ny katalog. Lego er ein genial idé, men delen av marknadskaka vert stendig mindre. Årets katalog er ikkje akkurat superambisiøs, meir eit kvileskjær. Kor tid skal vi få noko skikkelig kult? Nuvel, alt er no ikkje berre sorgen. Hugs no også på at dette vert meld av ein avdanka nostalgisk legobyggjar på […]

Skuleflinke stjerneskot til StudenhusetCity skotårsdagen

laurdag, februar 9th, 2008

Medan me her nord ventar på nedkome, reiser broder Frode verda rundt med Ungdomskulen og lærer folket rock. 29. februar kjem endeleg stjerneskota til nordlysbyen, og då vonar eg å ta ein tur. Etter for eiga lomme å ha reist Amerika og Europa rundt for knappar og glansbilete, tek dei ein kvil under vengene til […]

Mens vi ventar..

sundag, februar 3rd, 2008

Nokre bilete frå helga.

Her frå årets confit de canard-produksjon. I år vart det 39 lår! Så det ligg an til mange gode middagar framover.

På laurdag hadde vi ein smakebit. Servert låra med trøffelaromatisert sellerpuré og andskysaus. Slett ikkje verst.

Drakk denne i helga. God vin, men eit lite trekk for manglande vulkansk mineralitet.

Såg sola for fyrste […]