Termin
torsdag, januar 31st, 2008I dag er det termin som det heiter. Men det er framleis ingen teikn til at ungen vil ut. Vi kan berre vente i spaning. I tillegg til å måke ut bilen, ete, sove og dei vanlige tinga.
I dag er det termin som det heiter. Men det er framleis ingen teikn til at ungen vil ut. Vi kan berre vente i spaning. I tillegg til å måke ut bilen, ete, sove og dei vanlige tinga.
Ja ja, så skal verda ikkje stå til påske i år heller. Arildguten, kjend frå bloggen sin og frå Cafe Spesial i middagstider i nærleiken av blondiner og pizza, har no snudd 183 grader (eller vorte meir “nyansert”?). Film og emulsjonsnektaren gjer retrett og ønskjer no å fikle med CLE-en min og skanne og greier […]
Eg vil gratulere bror min Frode så mykje med dagen! Han er for tida på vegen eller i lufta mellom konsertstader verda rundt med bandet Ungdomskulen. I går var dei i Galway i Irland, på tysdag er dei i Winston-Salem i North Carolina. Vidare går det til Chapel Hill, Greenville, Washington, New York, Allston, Providence, […]
Jepp jepp, no er eg 29! Det har vore ein strålande dag, og eg takkar for helsingar frå vener, slekt og den norske regjering. Gåvebordet spenner over alt frå diktbøker til potetgull, og utover dagen vert det nok både kaffi og kaker. Eg kjenner at eg snart er ein vaksen mann, men trass i at […]
I dag såg eg ein lapp på oppslagstavla på Domus der det var ein bil til sals. Det er mykje ymse som vert slått opp på denne tavla. Sal av barnevogner, sofaer og vaskemaskiner. Bønemøter, basar og omreisande chip-tuning-service. Den mest spesielle lappen som hang der no var denne. Det var eit bilete av bilen […]
Det nye året ligg der nakent og ubrukt. Eg har ikkje så mange forsett. Skal ta førarkort og bruke mindre fossilt brensel.. Ein liten time inn i det nye året såg det slik ut på himmelen mot vest.
Med atterhald om litt kamera-shake.. Det er jo ganske vindigt her til tider. 30 sek, f4,5 @ ISO400, […]