Bobby Digital
Ja, ryktene er sanne, eg har mot høge odds bevega meg inn i Den Nye Teknologien ™ og kjøpt meg meg digitalt spegelreflekskamera. Frå gamaldags emulsjonsbasert fotografering med manuell fokus, har eg no så mange funksjonar berre innan fokusering at eg nok må ty til instruksjonsboka ei god stund framover. Det er sjølvsagt moro å kunne fyre av utan tanke på kostnader, og med fullt batteri, 4GB minnekort, 5 bilete i sekundet og iso 100-1600 går det unna! Når eg får overført nokre av bileta til PC-en skal eg nok få poste litt meir i kategorien “Fotografert”.
No er på hotell-weekend i nordlysbyen Alta og snart flyttar G og B sørover. Snufs..
oktober 29th, 2007 at 22:34
Det måtte vel komme… Kva for eit kamera er det du les om?
oktober 30th, 2007 at 11:24
Nikon D200. Kjekk sak på over 800 gram med moglegheit for bruk av gode gamle AI og AIS-objektiv.
oktober 30th, 2007 at 21:50
Gratulerer! Skal bli spennande å sjå korleis det blir.
november 2nd, 2007 at 16:30
Nokre prinsipp kan vel brytast utan altfor skræmande følgjer. Eg venta berre på at sjølv du måtte gje etter ein vakker dag, sjølv om det tok si tid. No er eg spent på å sjå gode shots.