2-2

Jepp, i går var eg ute i gatene i Hammerfest igjen. I bil, bak rattet. Som sist, Knut i passasjersetet og landskamp på radioen. Denne gongen vart det uavgjort, men det fekk vi ikkje med oss før litt seinare, for vi var sjølve i aksjon på Herretrim ™ på Baksalen skole. Måla var kanskje ikkje like spektakulære som landslaget sine, men god trim var det.

2 Responses to “2-2”

  1. drleiv Says:

    Godt å høyre at det går framover med køyrekunnskapane. Det er synd det er så lenge mellom kvar gong Norge spelar landskamp. Men kvinnelandslaget spelar VM for tida… Ingenting er vel som å kombinere ein bakkestart med ei radiooverført Bente Nordby redning?

  2. admin Says:

    Jasså? Nei er kanskje ikkje det. Men er ikkje Bente Nordby snart pensjonist?

Leave a Reply