Kveite, kveite!
Eg har fått mi fyrste kveite! Ho vart teke på stang og sluk ikkje langt frå Seiland litt nord for Bukkøya. Eg vil anslå vekta til om lag 2,5 kg. Tor O og E tok oss med i båten til DF, og det var ein fin dag på fjorden, men kaldt var det. Det vart også trekt opp nokre pesshyser og ein liten torsk, men dei sleppte vi uti att. Kanskje vert kveita forrett neste helg. Tor O har nemleg skote gås..
september 2nd, 2007 at 23:11
Bra jobba! Det er viktig å få opp kveita før den blir for stor. Berre spør Jon; ei enorm kveite øydelagde fiskestanga hans.
september 4th, 2007 at 19:00
Det var voldsomt med matauk de driv med der nord. Kva er forresten ei pesshyse?
september 6th, 2007 at 9:23
Det er vel strengt tatt eit skjellsord, men i denne konteksten tyder det små hyser, på mindre enn 2 kg.