Tur-retur Norrbotten
I helga hadde vi oss ein tur til verdas beste sosialdemokrati, Sverige. I Alta lasta vi om til bilen til B og G, og dei tok oss trygt sørover i dei finske og svenske skogar. Fyrste stopp var Munio der vi åt italiensk pizza på ein Palestinsk restaurant. Utanfor stod ein Gjøvik-registrert Hiace som vi trur nokon tyskarar køyrde av garde i. Internasjonalt i Nord-Finland altså. I Pajala fyllte vi drivstoff og nokre timar seinare klokka vi inn i Luleå, rett før elleve lokal tid. Hotellet såg temmeleg sosialdemokratisk ut, men det viste seg at det vart dårlig med både sosialdemokratiske drinkar i baren og sosialdemokratisk kurstafsing på dansegolvet. Vi måtte nye oss med folkøl og yatzi. På laurdagen fekk med oss litt kulturhistorie med Järnvegsmuseet og Gammelstad (World Heritage) og vi koste oss med ei velsmakande laksesuppe i 1700-talsomgjevnader i Ralph Lundstengården. Det var vanskeleg å ikkje leggje att litt svenske kroner her og der og bilen vart litt tyngre på vegen heim. Veret var ingen hindring, men dei som hadde advara oss mot det dårlige utelivet i Luleå fekk rett. Mange stengte etablissement og lite folk å sjå. Vi valde difor folkøl og den sosialdemokratiske jacuzzien på hotellet. Sundag la vi ruta om Haparanda siste rest av kapital gjekk med på Ikea og Coop. Vi var nøgde og eg hadde fått tak i sjokolade frå Malagasy litt vin frå ‘bolaget.
august 21st, 2007 at 10:36
Ja-ja, det svenska folkhemmet er vel omlag som sitt litt frynsete rykte. Hugsar du sist du var i Haparanda, grenseovergangen i elva mellom N og S? Den gongen (i 1993) vart det konsumert betydeleg mindre øl………..