Bokoppsumering III

På tampen av sumaren vart det endeleg tid til litt lesing. Var som sagt ein svipptur til Bokbyen ved Skagerrak i høljeregn. Fekk no berga med nokre bøker heim att. Apen og sjelen (1956) og Gjensyn med den Vidunderlige nye verden (1959) av Aldous Huxley. I sistnemde diskuterer Huxley rundt “spådomane” han kom med i Vidunderlige nye verden (1948). Eg har også lese Arne Treholt sin sjølvbiografi Gråsoner. Ein fengslande murstein om den kalde krigens politikk og personlege lagnader! I romanen Internasjonalen av Gunnar Kopperud var det både skjemt og alvor om korps, danskar, arbeiderkamp i gamle dagar og nigerianske kvinner. Meir politisk har det blitt etterpå med Hellig land - evig strid? av Erling Rimehaug. No sist har eg dukka litt djupare inn i Israel med Göran Rosenberg sin Det tapte landet.

2 Responses to “Bokoppsumering III”

  1. fatter'n Says:

    Eg er framleis like imponert over leselysta/lesemengda. Ikkje akkurat lettvektarar av bøker du vel heller!

  2. admin Says:

    Tja, Treholt-boka var spanande, men Israel-boka til Göran Rosenberg hadde eit temmeleg tungt midtparti om ulike retningar innan Sionismen på slutten 1800-talet og byrjinga av 1900-talet.

Leave a Reply