Nordfjord, Sunnfjord og Sogn
På sundag sette vi oss i bilen på veg til vårt næraste ferieland - Nordfjord. I gledde seg nok mest til fabrikkutsalet til Skogstad, medan eg var spent på buffeten på Alexandra. Vi stoppa i Olden i solsteiken og kjøpte litt lokal saft og cider. På hotellet vart det rikeleg høve til bading både i og utanfor spa-anlegget. Ahh.. Vi fekk oss også ein tur inn til Kjenndalsbreen og vi kika litt på infoen om tsunamiane i Loenvatnet i 1905 og 1936, då store massar frå Ramnefjellet rasa ut. Buffeten på kvelden var slett ikkje verst, og dei hadde eit godt vinkart, der vart vald ut ein Chablis Vaillons 2001 frå Jean Collet. Glasa var dog ikkje av beste sort, så der har dei noko å ta tak i. Alexandra var elles eit staseleg hotell med stil og kvalitet i dei fleste ledd.