Sol og skivebremser

Då eg sykla til trim på onsdag, mista eg plutseleg den eine bremseklossen på frambremsa. Heldigvis hadde eit par liggjande i boden. I dag var det så fint ver at ein sykkeltur var på sin plass. Eg fekk fjerna dei gamle klossane og sett i nye. La så i veg opp til Prærien der eg svinga inn på ein traktorveg/sti som går “over fjellet” og ned att i Blåbærlia. Flott tur. Fekk sveitta litt også. Vel heime vart det nok ein tur innom boden, der eg fann ei flaske Eitelsbacher Karthaüserhofberg Riesling 2004. Frisk og fin vårvin som hadde fått litt deilige sekundæraromaer. Eg prøvde 2006-utgåva for eit tid sida, men den var for litt tynn og keisam.

Leave a Reply