Archive for juni, 2007

Sweet summer

laurdag, juni 30th, 2007

Så er ferien i gang. Det byrja med tur til Tokaj nordaust i Ungarn. Smakte mykje god vin frå dei beste produsentane i distriktet. Til dømes Essencia med >600 g/l restsukker! Oh la la. I dag var det ein finfin dag i Sunnfjord med tur til Viefjellet og grilling i hagen. Sola skin og vi […]

Dei gamle er verst

laurdag, juni 16th, 2007

I rekkja av folk som er ute med spisse albogar, er vi i dag komne til dei eldre. På mandag: ei eldre dame snik framføre meg i køen i innsjekkinga på Alta flyplass. Onsdag: to eldre damer snik i køen framføre meg på Narvesen på Bystasjonen. Den eine skal ha pølse og tippe, den andre […]

Mote

måndag, juni 4th, 2007

Ja folkens, i dag er det linbuksevêr på 70 grader nord! 16 grader vert det sagt frå naboen, og steikjande sol. Relativt sett. Set deg på sykkelen du òg! Eller kast deg i sjarken og gå for litt småsei.

1000 things

laurdag, juni 2nd, 2007

Eg har rydda i boden. Vinterhjul til bil og sykkel får kvile nokre månader til minusgradene kjem att utpå hausten. Skistøvlar og gamasjar hamnar lengst bak. Du og du så mykje.. Eg tek til å rydde ut ein del av tinga fyrst, slik at eg kan sjå korleis eg skal få plassert dei best mogleg. […]

Sol og skivebremser

fredag, juni 1st, 2007

Då eg sykla til trim på onsdag, mista eg plutseleg den eine bremseklossen på frambremsa. Heldigvis hadde eit par liggjande i boden. I dag var det så fint ver at ein sykkeltur var på sin plass. Eg fekk fjerna dei gamle klossane og sett i nye. La så i veg opp til Prærien der eg […]