Kor mange vener har du?

Det finnst ei mengd ulike måtar å treffe andre på nettet. Det nye no er Facebook. Facebook vart starta i februar 2004 av ein student på Harvard. Det spreidde seg etter kvart til andre universitet og college i USA, Canada og England. I september 2006 vart Facebook open for alle som har epostadresse, ikkje berre stundentar. Facebook er no den sjette mest besøkte nettsida i USA og har per april 133 000 norske brukarar.

4 Responses to “Kor mange vener har du?”

  1. Hedda Says:

    Og eg blir aldri ein av dei! Viss eg ikkje om ein ca fem års tid skal prøve å fronte facebook igjen, og selge meg sjølv litt på nettet…

  2. Endre Says:

    Truleg ikkje eg heller kjem til å bli ein del av den statistikken, makan til hype….og må vere grenser for kor mange måtar ein skal “omgåast” på!

  3. hg Says:

    Ok, eg er ute og ferdig med dette. Det var fint så lenge det varte.

    Som det vert nemnt over, treng ein ikkje fleire måtar å halde kontakt med folk på. Det er eit greit argument for at ein ikkje treng Facebook. Det som ikkje har vore fokusert på i norske media, er Facebook sin politikk med tanke på “privatliv”, personvern og kva dei gjere med data dei lagrar. For litt god bensin på konspirasjonsteoribålet, tilrår eg følgjande lenkjer:
    http://www.albumoftheday.com/facebook/
    http://www.commongroundcommonsense.org/forums/lofiversion/index.php/t34949.html
    http://en.wikipedia.org/wiki/Facebook#Privacy_concerns

    Då ein registrerer seg signerer ein på følgjande: “We may use information about you that we collect from other sources, including but not limited to newspapers and Internet sources such as blogs, instant messaging services and other users of Facebook, to supplement your profile.”

  4. admin Says:

    Say no more!

Leave a Reply