Shift4

4 skifter. Plutseleg var det sykkelsesong. Og sykkelen min var ikkje i stand. Hm. Etter ein telefon til min sykkeltekniske konsulent B i Alta, fekk eg det føre meg at eg skulle setje sykkelen i stand. I kveld. Eg hadde liggjande nye girsjaltarar og nytt bakgir frå Sram, som eg vart lurt til å kjøpe av nemde B i fjor haust. No er det altså grip-shift frametter. Eller X-9 Twist shifters, som dei no heiter. Eg har altså gjort fire skifter. Frå Shimano til Sram. Frå Rapidfire-trykkegiring til Twist-shifer-vrigiring. Frå 2:1 utveksling i girdrag til 1:1. Frå gamalt og slitt til nytt og skinande. No gjenstår berre finjustering..

2 Responses to “Shift4

  1. fatter'n Says:

    Eg vart litt nyfiken på overskrifta. Hm, tenkte eg - er Håvarden blitt skiftarbeidar, det visste eg ikkje?

  2. B Says:

    Du er nå temmelig lettlurt…

Leave a Reply