Påske, første dag
Vel, eg har no ikkje påskeferie endå, men det har no roa seg, og kona er i feriemodus. I går kveld var det konsert med Jan Eggum og Tonje Unstad med komp frå bandet Link. Finfint med litt viser på laurdagskvelden. Men Eggum må snart byte ut dei gamle vitsane sine..
Elles er det innevêr og slapp stemning. Eg driv og legg inn vinkjellaren på Excel og kona lagar tyttebærchutney. Det er altså ein eim av vineddik i lufta og frå cd-spelaren kjem fine tonar frå Josh Rouse, Marvin Gaye og Tammi Terrell, William Hut, Tonje Unstad og Elvis Costello.
Kanskje set vi på ein film snart. Truleg vert det De andres liv. Det har ikkje vorte så mykje vin denne helga, men eit par glas med ok Undurrago Cabernet på Qa i går vart det. Det står ei flaske Eitelsbacher Karthaüserhofberg Riesling 2006 og ventar i boden. Mmm… etwas für dei Saurenfreaks!
Det kan til og med hende at det vert litt trim på onsdag. Det hadde gjort seg.
april 2nd, 2007 at 14:28
Då skjøner eg at deler av kjellaren er kartlagd. Vert lista tilgjengeleg på nettet, slik at eg kan vite kva for skattar eg hyser?
april 2nd, 2007 at 16:59
Niks, men om eg får det til, vert det etter kvart nokre stolpediagram eller grafar som viser til dømes kor mykje det er frå Frankrike, Tyskland osb.