Legokatalogen 2007
Ja, så er den nye katalogen her. Det går mykje i det same som det har gjort dei siste åra. Katalogen er formmessig lik fjorårets, med innhald på side 2. Men i år går dei rett på sak med Duplo, medan det i fjor var ein slags “leiarartikkel” før Duplo kom på side 3. I den leiaren ser eg no at dei kom med usanne påstander. “Her kommer den nye, komplette LEGO brosjyren.” Dette stemmer ikkje, då det på LEGO.com på nettet finst fleire produkt som ikkje står i katalogen. Dei avslutta med; “Du vil ikke bli skuffet!” Vel, eg vart skuffa.
Men over til årets katalog. Han er på “berre” 66 sider mot 76 i fjor. Det går i lisensprodukt; Batman, Bob The Builder, Thomas-toget, Star Wars og Ferrari. Harry Potter er ute. Dei ventar vel til neste film. Duplo blir meir og meir modulbasert og det er knapt ein kloss att å byggje. Fokuset er sterkt på Bionicle og EXO-force. Klassikarar som by, brann, politi og anleggsmaskiner held stand og jammen er det ikkje ein ny bensinstasjon i år. Det ser ikkje ut som om dei har vore framsynte nok til å ha med ei pumpe med biodiesel. Det mest spanande for min del er “old-school-modellane” i Creator-serien. Der kjem det nye ting i år. Vikingane er frmaleis med, men ingen nyhender, så eg tippar den er borte til neste år. Cowboy og indianer-Legoen varte ikkje lenge heller. Det er ingen borge-Lego i år! Men det er ein teaser på nest siste side med lovnad om nye sett i juni. Borga ser veldig retro ut. Bra. I Techic er det tre små nye sett. I august kjem det noko som heiter MarsMission, men meir får vi førebels ikkje vite..
Ikkje det heilt store i år heller altså. Men med klossar i huset er det berre fantasien
-
din
som set grenser. Ikkje LEGO sin manglande.
januar 26th, 2007 at 18:19
Lego har alltid vore bra, katalogar er greit, men der lego er betre enn t.d. playmo er nettop det faktum at du kan bygge det du har lyst til. I det heile var eg allereie som aktiv legobrukar irritert over den aukande delen spesialdelar som etterkvart har ført til at nokre segment av lego har teke til å nærme seg den mindre vellukka slektningen Playmo. Skulle gjeve mykje(mindre enn det kostar…) for ein lastebil med svarte einradsklossar i ulik lenge og ein litt mindre lastebil med toradsklossar. Hjul, legomenn, vindauge, plater og anna har eg rikeleg av. Alle legoklossar skulle og ha ein slags søkechip, slik at ein med ein liten bærbar kontrollsak kunne finne klossar ein treng….hugsar med gru tilbake på den tida(Sidebrok) ein leita gjennom legokassene gong på gong for å finne dei riktige klossane.
februar 2nd, 2007 at 14:10
Du burde spe på løna med å tilby Lego-melding (-anmeldelse) til ymse aviser, på linje med musikk-, teater-, kunst- og konsertmeldingar.
februar 4th, 2007 at 19:07
Hmm.. der seier du noko, far. Men då burde eg kanskje alliert meg med eit litt yngre smakspanel også, det er jo ikkje for etablerte menn på nærare 30 at dei lagar LEGO, eller?
Godt påfunn, det der med søkechip, Endre! Noko for Lego å tenkje på. Det er verkeleg for mykje spesialdelar no for tida. Men eg må også berømme Lego litt for at dei gjev ut litt retrogreier og ein del klossebaserte sett. Dei har også kome med ein boks med 500 “vanlige” klossar i ulik lengde og fargar til 149,- For dei som bur i den vestlige verda (men ikkje Noreg!) finst det ein boks med 2000 vanlige klossar, som kan kjøpast på nettbutikken til Lego.
Eg kjøpte meg nett sett nr 4896 “Kule biler” i kategorien Creator, og der er det ein haug med delar med. Skikkeleg old-school legobyggjing med litt Technic i botnen og mykje klossar, plater og smådelar. Flott sett med 931 delar i alt.
februar 12th, 2008 at 11:03
I love Lego. Thanks for the post.