Når katten er borte..
Kona er på kurs, så då sit eg heime på laurdagskvelden og kosar meg med ein søt 24-åring frå Loiredalen og ser ein romatisk film på DVD. Ho luktar av fersken men er litt syrlig i replikken, som jo er vanlig i Loiredalen. Vi har hatt litt ostekake som eg bakte i går, og den passa oss begge. Vi får sjå korleis det går utover kvelden, men eg kjenner eg vert litt rusa. He he.
januar 14th, 2007 at 21:18
“Siden kan ikke vises” får eg opplyst når eg klikkar meg inn på “Søt 24-åring frå Loiredalen”. Ja-ja, kanskje like godt! Kikking i andre folks affærer bør ein vel halda seg for god til.
januar 14th, 2007 at 21:37
Prøv no!