Jubileum/Farlig nær trettiårskrisa
Jadda! Det er den store dagen. Eg vert faktisk 28 år. Andre kjendisar som er fødd same dag: Hermann Göring, Ray Manzarek, Gunde Svan, Haruki Murakami, Vendela Thommesen, Cato Zahl Pedersen og Jack London.
I 1833 døyr Marie Antoine Câreme, verdas fyrste kjendiskokk, og i 1915 vert det ein nasjonalpark i Rocky Mountain. I 1969 gav Led Zeppelin ut sitt debutalbum, og i 1991 startar Golfkrigen.
Eg satsar på ei lita samkome i Rypefjord med vener. Kva Murakami skal, det veit eg ikkje.
januar 12th, 2007 at 14:40
Ikkje at eg skal kome med ei lengre utgreiing her, men det har vel aldri vore meir passande å komme drassande med eit literært sitat enn nett no. Ofte er det jo slik at forfattarane kan brukast til å setje ord på det som vi sjølv har vanskeleg for å verbalisere, i samband med din bursdag er det fleire kjende sitat som “rinner mig i hu” (Ibsen), men eg synes nok Hamsun er den som best klarar å fange det eg vil uttrykke, la meg difor berre få komme med dette Hamsun-sitatet: “Gratulerer med dagen”.
januar 12th, 2007 at 15:51
Hyggjeleg at du skulle trekke fram Hamsun. Eg får seie som Churchill då: “Jau takk”.
januar 12th, 2007 at 18:23
Gratulerer med dagen, og velkomen attende på lenkelista som du så ufortent vart utestengd frå!
januar 12th, 2007 at 19:20
Gratulerer med dagen, gamle unge mann! Har feira dagen din med ein Crozes Hermitage, men håpar å finne enda betre vin i Paris til veka. Arild satsar stadig på ei høgkulturell linje i det nye året. Som eit lite varsku frå ein lyrikklesande nynorskmann, ei lite aforisme frå Olav H. : Den som les mykje, vert som eit gamalt såld, blindt og tett - med tidi. Men nok om vår ven psykologen. Sender mine beste ønskje til deg på dagen din!
januar 12th, 2007 at 19:25
Grattis med dei fyrste 28, dei neste kan bli verre!
30-års-krisa er milevidt unna, og til gjengjeld er ho svært oppskrytt.
januar 12th, 2007 at 19:42
Takk takk Olaug! Hyggjeleg for ein Stor-Skoddeheimar å verta teken inn att i varmen av ein Skoddeheimar.
januar 12th, 2007 at 21:40
Eg var svært nær å sende fødselsdagshelsing som “admin” - så kunne du framstått som eit skikkeleg dobbelmenneske. Eg fann ut korleis eg skule unngå det, så lat det vere trøystefulle ord i si slik stund: I år er eg nett dobbelt så gamal som deg, og kan framleis finne ut nye ting på data! Tillukke med dei neste 28!
Besthels Øyvind
januar 13th, 2007 at 1:41
Nullarar og einarar
Indien: Bilete teke av Gisle
Oppdateringar:
Bror min har endeleg teke til vetet (nuvel) og lasta opp nokre bilete frå si halvårsreise på flickr (lysbileteframsyning), i tillegg tek han bilete av seg sjølv, kvar dag. Hedda bloggar frå Danmark og r…
januar 13th, 2007 at 4:45
Oh la la! 8 kommentarar på ei posting! Men så er det jo bursdag då. Vonar på like god respons utover i 2007.
januar 13th, 2007 at 20:05
grattis med dagen Håvard. Tror jeg glemte å sende sånn SMS… Håper du hadde en fin dag, og så Gunde Swan da! Konge