Statoil/Hydro

Statoil og Hydro skal fusjonere, vert det sagt. Men det allereie oppstått ein del problemer. Det er slett ikkje så rart. Desse to kan ikkje fusjonere. Hydro (vatn) + Statoil (olje) let seg ikkje blande. Kast opp i litt eddik og krydder og du har i beste fall ein vinagrette. Men ingen fusjon. For å få til dette treng dei ein emulgator, eit tredje selskap inn i fusjonen. Egg (Prior) er ein bra emulgator. Og då har vi fått ein storfusjon som vert til saman majones! Då har vi også løyst namneproblemet. Det nye selskapet må rett og slett heite Majones, eventuelt Mayones om det skal halde ein internasjonal profil. .. og slik går no dagane ønskjer lukke med fusjonen og framtida. Og vert det rør og rabalder, ja så må det faktisk til for å lage majones.

3 Responses to “Statoil/Hydro”

  1. drleiv Says:

    Eit veldig godt forslag! Hadde du vore konsulent for dei nemnde selskapa hadde du no kunne fakturert ca 1 million for tankeverksemda. Kva med å sende forslaget og ein giro avgarde?

  2. admin Says:

    Hmm.. du seier noko. Sidan eg er nybyrjar innan konsulenttenester, skal dei få sleppe unna med 850000. Men neste gong tek eg full pris.

  3. Fattern Says:

    Nytt framlegg: Hoil

Leave a Reply