Bøker/bursdagsønskje
Det kom som vanleg eit matrielt oppsving rundt 24. desember. 12. januar fyller eg år og for dei som absolutt ønskjer å sende gåver så kan eg nemne nokre av bøkene eg ikkje fekk til jul.
- Herifrå, av Katrine Sele og Oddleiv Apneseth
- Veien ut, av Bjørn Gabrielsen
- Mat og måltid, av Henry Notaker
- Vestlandets historie, redigert av Knut Helle
For dei som reiser heilt til Sverige for å oppfylle mine ønskjer, så kan eg nemne at ei flaske Moulin Touchais 1979 (mitt fødeår) er supert.
januar 5th, 2007 at 16:16
For dei som tenkjer å kjøpe Vestlandets historie til denne “nordlendingen” frå Sunnfjord vil eg berre opplyse om at den består av 3 bind som tilsaman kan ta knekken både postmannen og postkassa. For ein mann frå Sogn og Fjordane er vestlandet i dette verket likevel litt stort, heilt frå Kristiansand(sørlandet…) til langt oppå nord-møre(trøndelag…). Men, fine bøker og mykje å lese.
januar 5th, 2007 at 20:38
Vi har fått ny stooor postkasse, etter at den førre blåste vekk!