Archive for januar, 2007

Ski, snø og Savigny

måndag, januar 29th, 2007

Fekk stått skikkeleg på ski denne helga. I Rafsbotn i Alta var det supre tilhøve med djup puddersnø. Med “nye” ski og “nye” skistøvlar. Lite folk var det, trass i nydelege løyper og utanfor-løyper. Prøvde meg litt med Lomo-en og Provia i snøen. Tida vil vise om det vart noko av. After ski fyrte vi […]

Legokatalogen 2007

onsdag, januar 24th, 2007

Ja, så er den nye katalogen her. Det går mykje i det same som det har gjort dei siste åra. Katalogen er formmessig lik fjorårets, med innhald på side 2. Men i år går dei rett på sak med Duplo, medan det i fjor var ein slags “leiarartikkel” før Duplo kom på side 3. I […]

Trening, helse, trivsel

måndag, januar 22nd, 2007

Nytt år, nye kg å bli kvitt. Eg satsar på å vere litt sunnare denne våren enn hausten var. Så no har eg byrja å nytte trimrommet vi har på arbeidsplassen min. Der står det mykje flott for dei som ønskjer store musklar i tillegg til tredemølle, to ergometersyklar og romaskin. Dagens trim bestod av […]

Når katten er borte..

sundag, januar 14th, 2007

Kona er på kurs, så då sit eg heime på laurdagskvelden og kosar meg med ein søt 24-åring frå Loiredalen og ser ein romatisk film på DVD. Ho luktar av fersken men er litt syrlig i replikken, som jo er vanlig i Loiredalen. Vi har hatt litt ostekake som eg bakte i går, og den […]

Han er ikkje gamal, han er bror min

laurdag, januar 13th, 2007

Eg vil nytte bloggen til å gratulere bror min Frode så mykje med 25-årsdagen! Det er ille nok sjølv å kjenne at eg nærmar med dei 30, men at veslebroren er halvvegs til 50! Nei å nei! Du og du. No står ikkje verda til påske. Eller kanskje litt lenger, men det er slett ikkje […]

Jubileum/Farlig nær trettiårskrisa

fredag, januar 12th, 2007

Jadda! Det er den store dagen. Eg vert faktisk 28 år. Andre kjendisar som er fødd same dag: Hermann Göring, Ray Manzarek, Gunde Svan, Haruki Murakami, Vendela Thommesen, Cato Zahl Pedersen og Jack London.
I 1833 døyr Marie Antoine Câreme, verdas fyrste kjendiskokk, og i 1915 vert det ein nasjonalpark i Rocky Mountain. I 1969 gav […]

Noctilux

torsdag, januar 11th, 2007

Kor mange nattevakter på rad kan ein overleve på kaffi, mandariner og Fazermint? Vel, eg har klart åtte til no og skal vel klare ei til.

Statoil/Hydro

måndag, januar 8th, 2007

Statoil og Hydro skal fusjonere, vert det sagt. Men det allereie oppstått ein del problemer. Det er slett ikkje så rart. Desse to kan ikkje fusjonere. Hydro (vatn) + Statoil (olje) let seg ikkje blande. Kast opp i litt eddik og krydder og du har i beste fall ein vinagrette. Men ingen fusjon. For å […]

Hurra!

måndag, januar 8th, 2007

.. og slik går no dagane gratulerer Førde VBK med sigeren over Tromsø i NM-finalen i volleyball!
Kjekt at klassekameratar og tidlegare lagkameratar har gjort det retteleg godt. Lukke til vidare!

Svart start/blanke ark

laurdag, januar 6th, 2007

“Tankefullt gløttende opp på flammetårnet, ved skrivemaskinen på et kjøkkenkontor, satt en proletar og skrev ned noen ord.”
Jadda! 2007 er her. Anten du vil eller ikkje. Etter 14 dagar med oppfeiting hjå foreldre og svigerforeldre bar det attende til arbeid og bot. På grunn av nokre forseinkingar i ymse prosessar på Melkøya må eg no […]