Archive for desember, 2006

Det ultimate svev

sundag, desember 31st, 2006

I går fekk eg til eit svev på 250,66 meter! Og med fjellstøtt telemarknedslag. Slå den, Frode!

Andre omgang

fredag, desember 29th, 2006

Etter nokre dagar ut i julehopprennet med bror min og meg som einaste, men bitre motstandarar var det eg som hadde leiinga med 244,07 meter i K248m-bakken i Japan. I går, etter ei finfin fotballøkt på Slåtten skule, fekk eg ei tekstmelding frå Frode om at han hadde hoppa 247,25 meter. Arrrghhh!!! Eg vert nøydt […]

Hopp i natta

tysdag, desember 26th, 2006

Som vanlig vert bror min og eg sitjande utover kveldane no i jula og spele Deluxe Skijump 3, ein demoversjon. Vi er beggje to byrja å kome i form etter litt ein fomlande start. Det er K248-bakken i Japan som tel. Frode har no eit ståamde hopp på 237m og eg har eit på 238m […]

Julaftan/Det var vel venta

måndag, desember 25th, 2006

Etter julemiddag, moltekrem og kaker matrialserte det seg i stygge tal: litt over 72..

Feriedag to

laurdag, desember 23rd, 2006

Etter vel ein med fotball i Førdehuset der eg kom til kort kondisjonsmessig, er eg framleis på 70-streken. Men set det snart inn med den gode og feite maten. Kan eg halde dette nivået heile jula?

Feriedag ein/ Status før start

fredag, desember 22nd, 2006

Litt over 70-streken på analog badevekt. Det begynner bra, men det kan bli stygge tal etter kvart. Etter kveldsmaten i dag ropar magen på Nyco..

Heim te mor

fredag, desember 22nd, 2006

Det er alltid kjekt å kome heim til mine gamle foreldre. Men som vanlig går det ikkje mange timane før dei prøver å prakke på meg noko gamalt skrot som dei har funne på eit kott eller nedst i ei skuff. Denne gongen var det noko flugebindingsremedier som berre var å kaste og nokre bilete […]

2006 - eit julebrev

onsdag, desember 20th, 2006

Året starta med stormen/orkanen Narve og det vart litt action her i vestfylket. Bussane gjekk ikkje på mange dagar og Ingeborg kom seg ikkje på arbeid på ei heil veke. Vi hadde ein fin tur i bakken i Rafsbotn med Gunnhild og Bjørnar og vi vitja Ågot i Tromsø. Det har også vore fine skiturar […]

Med Marvin Gaye på øyret og Smiths under armen/juleønskje

torsdag, desember 7th, 2006

I det kalde nord kan det å snakke i mobiltelefon utandørs vere ei kald oppleving, spesielt for den handa som held telefonen. Ein trådlaus handsfree til feste på øyret er kanskje løysinga? Det ser noko rart ut, men om nokre år vert det vel heilt vanlig å gå rundt med ein propp i øyret og […]

Høgt heng dei og sure er dei/juleønskje

torsdag, desember 7th, 2006

Eg har så smått byrja å klatre i klatreklubben her i byen. Det er kjekt og utfordrande og eg er framleis på eit lågt nivå. Men med eit par klatresko vil eg merkje stor framgang, seier dei som kan det. Hint hint.