Emulsjon
På sundag var me samla ein heil gjeng til julesnopverkstad hjå T og A i Panorama. Eg hadde førebudd eit prikkfritt arrangement men ikkje alle viste seg oppgåvene verdige.. Vi laga fire typar trøflar og ein marsipanrull og ein sak med corn flakes.

S og E i full rulle.

Ein emulsjon. Væske i feitt. Eller fløyte i sjokolade (Valrhona Guanaja).
250g sjokolade (Valrhona Guanaja)
90g kremfløyte
20g cointreau
80g honning
rive skal av 2 mandariner
Kok opp fløyte, honning og mandarin. Tilsett cointreau. Tøm væska over sjokoladen. Rør om til du har ein jamn og glatt emulsjon. La stå til dagen etter. Bruk to teskjeier og lag passande klupar på eit bakepapir. Sett kaldt. Rull til jamne kuler. Dypp i temperert sjoklade og deretter i kakaopulver.