Bulldetektor

I dag såg eg den artige, morbide og franske filmen “Delicatessen” frå 1991 av Marc Caro og Jean-Pierre Jeunet. Jeunet står også bak filmar som “Amelie” og “En langvarig forlovelse” og det er ein del filter og verkemiddel som er sams for alle filmane. Noko festlig eg la merke til var ein dings som skurken i filmen fekk tilbod om å kjøpe, nemlig ein “détecteur de connerie” eller på godt norsk - bulldetektor. Tilfeldig at Dum dum boys sin fyrste song på plata Transit frå 1992 heiter Bulldetektor? Neppe!

One Response to “Bulldetektor”

  1. fatter'n Says:

    Observant som alltid, ser eg. Og fransk-kunnskapane er fullt på høgde med det opphavet kan skilta med.

Leave a Reply