I serien; Håvard tek seg ein “drink” midt i veka, er vi i dag kome til Tysdags-kamikaze

Ja, aleine heime og litt keisamt. Så kvifor ikkje freshe opp dagen med ein drink? Ok, eg kan kome på ein del grunnar til å halde seg unna alkohol midt i veka, men no set vi i gang. Eg tenkte at det må gå an å lage ein drink av det som fint i huset. Eg søkte då litt på nettet etter oppskrifter på drinkar. Det eg hadde i hus som kunne bli til ein drink var; vodka, rom, cointreau, noilly prat, sukker, salt, appelsinjus, sitron og lime. Det var ikkje så lett å finne noko men lagnadens ironi ville det slik at eg hamna på drinken Kamikaze. Den vart konsumert ein gong i sommar etter eit betre måltid Voss. Ikkje alle var samde om at det var ein fortreffeleg drink. He he..

Oppskrift:

2 cl cointreau
1 cl sitronsaft
4 cl vodka

Rist med is og server i cocktailglas. Garner med limeskive.

Eg hadde ikkje is.. så eg sette glaset i kjøleskåpet. Dette er ein drink med relativt mykje alkohol så den treng nok å serverast kald for å bli frisk nok.

Følg med: Kva vert neste crazy påfunn på denne bloggen? Krimnovelle? Ein biletserie frå sumaren 2006? Eit innlegg om hagedrift? Den som har lever får sjå.

* Grunnen til at “drink” er skrive i gåseteikn er ikkje at dette ikkje er ein ekte drink, men at eg er litt framand med konseptet drink og difor har ein ironisk distanse til heile prosjektet.

2 Responses to “I serien; Håvard tek seg ein “drink” midt i veka, er vi i dag kome til Tysdags-kamikaze”

  1. A. Says:

    Ser fram til innlegget om hagedrift.

  2. fatter'n Says:

    - og eg som hadde vona at gåseteiknet var alvorleg meint!!

Leave a Reply