Veging av post - ein revival

Det var to tunge konvoluttar i postkassa i dag. Beggje frå Norsk Jernbaneklubb. Gode minner strøymde på frå den tida eg dreiv og vog posten vi fekk. No har det enno ikkje vorte publisert nokre tal og statistikk frå det prosjektet, men det vil kome! Og dagens fangst var, hald dykk fast, 1167 g post! Ein pen sum gram der alstå. No har eg fire nummer av På Sporet, Norsk Jernbaneklubb sitt fjonge medlemsblad, å kose meg med.

3 Responses to “Veging av post - ein revival”

  1. fatter'n Says:

    Eg hadde håpa du ville nemna artikkelen i Firda om han som rigga opp toglinje i eigen hage, og brukte ein god del tusenlappar på å skaffa seg ekte damplok til å trafikkera bana.

  2. Øyvind Says:

    Kva for medlemsnummer har du? Eg var i si tid medlem nummer 789, men dei heiv meg ut då eg ikkje betalte kontingenten medna vi var i Afrika i 1986. Det var dumt gjort av dei, eg hadde gjerne vore medlem framleis.

  3. admin Says:

    He he, eg kan verve deg. Dersom eg vervar ti personar, kanskje eg får styre toget frå Bergen til Oslo? ;-) (Medl.nr. 4643)

Leave a Reply