2 år

Det er oktober og bloggen er no to år gamal. Vi feirar dagen her i Hammerfest med viltmiddag og vin. Reinsdyrfilet med søtpotetpuré, steikt sopp og sjysaus med rosin. Vi fleskar til med ein portugisisk vin frå Dão og Álvaro Castro til maten. Øystein har teke seg fri frå jobben og har kome frå Oslo. Sjokoladefondant og madeira til dessert. Vi har spela Carcasonne og eg vann ikkje i dag heller.. Må leggje meg i hardtrening. Slik held ikkje. Må vinne, må vinne!

Leave a Reply